Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Universitetet i Bergen har sett seg som mål å bli eitt av dei 200 beste universiteta i verda.
UiB kom ikkje med på lista då The Times Higher Education Supplement (THES) nyleg rangerte dei 200 beste universiteta i verda. Både Universitetet i Oslo og NTNU i Trondheim kom med, om enn langt nede. – THES si liste blir lagt merke til. Og det er ei rangering der kriteria er klare, slik at vi veit kva vi må bli betre på. Ein vanleg kritikk mot strategiplanar er dessutan at dei manglar klare mål, og det er ein grunn til at vi har valt å vere så konkrete, seier rektor ved UiB Kirsti Koch Christensen til På Høyden. For å nå målet om bli lagt merke til internasjonalt, skisserer den nye forskingsstratgien tyngre og meir langsiktig satsing på særskilte forskingsmiljø. Dei to eksisterande hovudsatsingane, marin forsking og utviklingsforsking, skal vidareførast. Dessutan skal nye lovande miljø leitast fram, slik at ved utgangen av den fem år lange planperioden, skal ein ha identifisert inntil fem nye satsingar med potensial til å bli internasjonalt leiande på sine område.
I slutten av november vart UiBs nye forskingsstrategi for perioden 2005-2010 vedteken av Universitetsstyret, og THES si rangering har sett sine spor: No vil UiB inn på topp 200. ”Et overordnet siktemål for den kommende tiårsperioden er å bringe UiB opp som et av de 200 beste forskningsuniversitetene i verden med internasjonalt attraktive utdanningsprogrammer”, heiter det i strategidokumentet.
– Blir lagt merke til
Den poengbaserte rangeringa til THES byggjer på siterte artiklar per fagleg tilsett, talet på tilsette per student og graden av internasjonalisering. Til saman utgjer desse delane halvparten av poengsummen. Andre halvdelen bygger på innspel frå 1300 akademikarar i 88 land i august og september i år. Desse vart bedne om å nominere institusjonane dei oppfatta som dei beste innan fagfelta og områda dei kjende seg kvalifiserte for å vurdere.
Sju av dei ti topprangerte universiteta var amerikanske, med Harvard som nummer ein. Utanom Oxford og Cambridge på femte og sjette plass, var det berre ETH Zürich som braut den nord-amerikanske dominansen på topp ti.
Fem nye satsingar
På tre område, translasjonell medisinsk forsking, nanovitskap og regionalisering med fokus på Vestlandet, er slike planar på trappene.
Strategien fastet også mål om å styrke auke talet på doktorgradar til 250 per år innan 2010. Det skal bli fleire postdoktorstillingar, og det skal etablerast eit eige program for yngre framifrå forskarar (YFF).