Vil kutte talet på særleg uavhengige stillingar

Publisert

Forskerforbundet meiner at Universitetet i Bergen definerer for mange vitskapleg tilsette som særleg uavhengige. Fagforeininga antar at det er økonomiske omsyn og eit ønske om å unngå tidsregistrering som ligg bak.

Universitetet i Bergen definerer sine vitskapleg tilsette som å inneha ei særleg uavhengig stilling. Tilsette som har ei særleg uavhengig stilling har eit særleg sjølvstende i høve til korleis og til kva tid arbeidsoppgåver skal organiserast og gjennomførast. Det å ha ei særleg uavhengig stilling medfører at arbeidstakar er unnateke dei fleste bestemmelsane i arbeidsmiljøloven sitt kapittel 10 om arbeidstid. Tilsette som har ei særleg uavhengig stilling har som regel ikkje rett på overtidsbetaling og er unnateke krav om arbeidstidsregistrering.

– Fleire universitet har definert store stillingsgrupper som særleg uavhengige. Det er sannsynlegvis ikkje grunnlag for å unnta så mange tilsette frå bestemmelsar i arbeidsmiljølova, seier Ann Turid Opstad, seksjonsleiar og advokat i Forskerforbundet.

Sjølvstendige og uavhengige
Universitetsdirektør ved UiB, Kari Tove Elvbakken, meiner at universitetet si ordning er i god tråd med bestemmelsane i arbeidsmiljølova. Ho understrekar at UiB på lik linje med andre universitet vurderer dei fleste vitskaplege stillingane ved universitetet som særleg uavhengige. Ifølge universitetsdirektøren er denne gruppa tilsette sjølvstendige og uavhengige i høve til korleis og til kva tid arbeidsoppgåver skal organiserast og gjennomførast.

– Vi ønskjer ikkje å innføre tidsregistrering for vitskapleg tilsette, men tvert i mot forsvare dei vitskapleg tilsette si uavhengige stilling. Fagfolka våre skal sjølve kunne legge opp den tida dei bruker til forsking, seier ho.

Ho understrekar at universitetet si retningslinje om arbedistid for tilsette med særleg uavhengig stilling harmonerer med hovudprinsippet om at vitskapleg tilsette skal bruke 50 prosent av tida til forsking og 50 prosent til undervising.

– Dette er eit prinsipp UiB har vidareført sjølv om det ikkje er del av nokon sentralt bestemt avtale, men for oss er det avgjerande at alle vitskapleg tilsette skal kunne bruke tid på forsking. Dette er eit berande element ved eit universitet som driv med forskingsbasert undervising, seier ho.

Unødvendig omveg
Forskerforbundet antar at det er økonomiske omsyn og det å unngå tidsregistrering som ligg bak universiteta sin personalpolitikk på dette området.

– Ein konsekvens av å vere i ei særleg uavhengig stilling er at ein har færre rettar til økonomisk kompensasjon. Dess fleire som jobbar utan overtidstillegg, jo meir økonomisk gunstig er det for arbeidsgjevar, seier Ann Turid Opstad.

Det å definere store grupper som særleg uavhengige er ikkje noko hensiktsmessig verkemiddel for å unngå tidsregistrering, ifølge Opstad. Rettsleg sett er det ikkje noko plikt til å registrere alminneleg arbeidstid. Det er arbeidsgjevar sitt eige val om dei ønskjer å innføre tidsregistrering eller ikkje.

– Såleis er det unødvendig å gå vegen om det rettslege omgrepet særleg uavhengig stilling for å kome fram til eit slikt standpunkt. Dersom hensikta er å unngå eventuelle pålegg frå Riksrevisjonen om tidsregistrering, vil neppe Riksrevisjonen la seg lure ved at fleire enn det er rettsleg grunnlag for blir definerte som særleg uavhengige. Også Riksrevisjonen har juristar, seier Opstad.

Ifølge Forskerforbundet er det ein tendens til at tilsette blir definerte som særleg uavhengige kun ut i frå si formelle utdanning.

– Det må gjerast ei konkret heilskapleg vurdering for kvar enkelt tilsett. Det er ikkje nok å sjå på formell utdanning og stillingsbetegnelse, seier ho.

Omsyn til helse og velvære
Ifølge Opstad er det også ein generell tendens til at for mange arbeidstakarar vert definerte som særleg uavhengige. Ei undersøkjing frå Sentio viser at talet på arbeidstakarar i særleg uavhengige stillingar er på 10 prosent, noko myndigheitene meiner er for mykje.

– I undersøkjinga kom det også fram at mange ikkje får vite kvifor dei blir unnateke frå vernebestemmelsane i arbeidsmiljølova, seier ho. 

Ho viser til at bakgrunnen for arbeidstidsbestemmelsane er omsynet til arbeidstakar si helse og velvære og arbeidsgjevar sin fleksibilitet. Forsking viser ein klar samanheng mellom det å jobbe for mykje og helseskader.

– Heile formålet med arbeidstidsbestemmelsane er at folk skal halde ut gjennom eit langt arbeidsliv og at det skal vere mogleg å kombinere arbeid med familie, seier ho.

 

Vil kutte talet på særleg uavhengige stillingar

Fakta/ særleg uavhengig stilling

* Ved Universitetet i Bergen er professorar, førsteamanuensar,amanuensar, post doc’ar, stipendiatar og spesialistkandidatar rekna som særleg uavhengige stillingar. Førstelektorar, universitetslektorar, instruktørtannlegar, spesialtannlegar, vitskaplege assistentar og forskarar blir vurderte individuelt med tanke på om stillinga er særleg uavhengig.

* Ved årsskiftet 2010/2011 hadde UiB:

   469 professorar

   352 førsteamanuensis

   11 amanuensis

   622 stipendiatar

   206 postdoktorar

Tal er henta frå DBH

Powered by Labrador CMS