Vil lage nasjonalt arkiv med krigsfotografi

Publisert

Truleg blir det no etablert ei nasjonal digital billedsamling med bilete, film og anna visuelt matariale frå krigsåra 1940-1945. Så mykje som ein million krigsbilete og eit ukjend antal filmar kan bli samla i det nye nettarkivet.

Onsdag 8.september møttest rundt 25 personar med krigshistorie og arkivering som felt på UiB for å diskutere skipinga av ”Norsk digitalt arkiv fra krigstiden 1940-1945”. Til stades på møtet var mellom anna representantar frå Riksarkivet, Norsk filminstitutt, Bergen byarkiv, Forsvarets mediesenter, Statsarkivet i Bergen, Stiftelsen for norsk okkupasjonshistorie, Bjørn West Museet og Nordsjømuseet. UiB var representert mellom anna med Bergen Museum, Universitetsbiblioteket og Institutt for informasjons- og medievitenskap.

Ei nasjonal oppgåve

Initiativtakar til nettarkivet er Stein Ugelvik Larsen ved Institutt for samanliknande politikk, UiB. Professoren har lenge arbeidd med digitalisering av krigsbilete gjennom sitt arbeid med Norgeslexi (www.NorgesLexi.com), ein nettstad med bilete, film og skriftleg materiale frå krigsåra. Han har jobba med fascisme og 2.verdskrig som forskar og skriv no ei bok om oppgjeret med frontkjemparane.

- Å få til ein samla presentasjon og dokumentasjon av fotografisk materiale frå krigsåra er ei nasjonal oppgåve, sa Stein Ugelvik Larsen. Han la óg vekt på at bruken av bilete som kilde i okkupasjonsforskinga kan ha mykje betre vilkår med ein samla biletbase.

- Visuelle kilder blir ofte berre brukt understøttande, men ikkje trukke inn som konkret dokumentasjon. Å lage eit samla arkiv har ikkje berre ei praktisk interesse, men bringer noko nytt inn i vår forståing av krigen og gjev langt betre høve for forsking på dette materialet. Det vil gje større åpning for forskning, formidling og ei meir levande forståing for alle sidene ved krigstida.

- Nokon vil seie, er det ikkje nok om krigen og krigstida i Norge no, men vi blir aldri ferdige med krigen. Krigen i Noreg er relevant for å forstå krigar som den i Tsjetjenia, Irak og innbyrdeskrigen i Sudan og eg er overtydd om at eit digitalt arkiv vil bidra til meir forståing for heilskapen i det som skjedde.


Bilete i Paris og Moskva

Bilete frå den tyske okkupasjonen av Noreg er i dag spreidd hjå ei rekke ulike aktørar. Mellom anna er det om lag 100.000 bilete om Norge ved Riksarkivet i Paris, det er like mange ved Riksarkivet i Freiburg, det er eit ukjend antal bilete ved Militær-og Sikringsarkiva (GPU osv.) i Moskva, og det er minst 100.000 ved Det norske riksarkivet i Oslo. Truleg er det til saman rundt ein million bilete anslår Ugelvik Larsen. Ein del av bileta er allereie digitalisert i ulike arkiv, men alt skal altså truleg samlast i det nasjonale nettarkivet og verte åpent for publikum.

Resultatet av møtet vart at ei kjernegruppe med tyngdepunkt i Bergen skal fortsetje arbeidet og i samarbeid med dei andre i nettverket innkalle til eit nytt møte over nyttår i Oslo. Dei skal diskutere økonomi, tekniske løysingar og komme med forslag til bygging av organisasjonen som skal fungere på tvers av landet og knytte dei ulike arkiv til seg.


Utviding av Norgeslexi

- Det er viktig at det nye arkivet kan bli ei utviding og fortsetjing av Norgeslexi. Norgeslexi har vore ein inspirasjon til danning av det kommande, nasjonale krigsarkivet. Alle må føle at dette er eit ope system, som mellom anna skal stimulere til at ukjende bilete blir kjøpt inn. Dei fleste har innsett at det ikkje er noko særleg økonomi i sjølv å kjøpe bilete for videresal, men sjølvsagt blir opphavsretten teke vare på dersom det er nokon som skal nytte bileta i ervervssamanheng, seier Ugelvik Larsen som er godt nøgd med møtet og meiner at stemninga blant deltakarane var svært positiv.

- Korleis ser dei ulike muséa og arkiva på å ”oppgje” sine bilete inn i eit felles arkiv?

- Det er eit spørsmål som det vart ein del diskusjon rundt på møtet. Det er klart at for dei minste muséa, som til dømes Bjørn West, er det eit ope spørsmål om dei vil tape besøks-interesse på å legge sine bilete ut på nettet, eller om det vil skjerpe nyfikenheita. Personleg er eg overtydd om det siste, og eg trur vi skal overkomme frykta for at dei mister noko, men at dei heller får, seier Stein Ugelvik Larsen. Dette synet vart og støtta av repesentantar frå de mindre musea på møtet.


Staten må satse

- Blir det ikkje frykteleg dyrt å digitalisere hundretusenvis av bilete.
- Jau, det blir dyrt, men vi må ikkje gløyme at dette er ei nasjonal oppgåve i stort format, og derfor har eg god tru på at vi skal få til ei brukbar finansiering. Vi har ikkje råd til å skusle bort dei muligheitene som ligg i eit slikt bredt samarbeide og vi må ikkje risikere at viktige billedsamlingar, film aller anna visuelt materiale frå krigstida skal bli tapt. Den digitale utviklinga har og gjort at tida nå er inne for denne satsinga frå staten si side. Det er og viktig at ulike fagmiljø ved universitet- og høgskolar arbeider saman med arkivinstitusjonar og aktive amatørar i dette prosjektet.

Professor Jostein Gripsrud var invitert til møtet for å halde innlegg om ulike typar formidling og snakka mellom anna om fotografiet som kanal for kommunikasjon. Ved Institutt for medie- og informasjonsvitenskap, UiB, der Gripsrud er styrar, vert det planlagt fleire nye bachelorgrader, mellom anna i nye medier. Dette studiet vil primært fokusere på Internett. Stein Ugelvik Larsen trur desse planane kan vere relevante i samband med utviklinga av det nye digitale arkivet med fotografi frå krigen.

Powered by Labrador CMS