Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Årsak: Kun éin student møtte opp då «Masterprogram i farmasi for reseptarer» starta i haust.
Den eine studenten som valte å møte til studiestart hausten 2012 kan vere den siste som går ut med mastergrad i farmasi for reseptarer frå Universitetet i Bergen. Studentane valde Tromsø Grunngjevinga er at søkjartalet har falle dei siste åra. I år nådde søkjartalet botnen. To andre som hadde fått studieplas ved UiB valde heller å takke ja til studieplass ved Universitetet i Tromsø (UiT), der studentane har høve til å ta mastergrad på to år. Den bergenske masteren i farmasi for reseptarer tek tre år. – For dyrt – Eg kjem til å gje mi fulle støtte til framlegget. I år har vi ein student på faget, og han får fullføre. Men det seier seg sjølv at det er for dyrt å gje tilbod til studier der det berre er éin student. Det medisinsk-odontologiske fakultet tilbyr eit profesjonsstudie i farmasi. Studiet som no vert foreslått avvikla har vore eit tilbod til studentar med reseptarutdanning, noko som tilsvarer ein bachelorgrad i farmasi. Stor omlegging av faget – Etter omlegginga vert det enklare. Då kan respetarer med bachelorutdanninga søke masterstudiet. – Tromsø har vore først ute, med ei toårig masterutdanning for dei med reseptarutdanning i botn. Dei som har ynskja å ta denne videreutdanninga har gjerne søkt seg til Tromsø, noko ein kan forstå. I den nasjonale studieplanen vil tilbodet om toårig master verte gjeldande i Oslo og Bergen også.
I eit brev til studieutvalet ved Det medisinsk-odontologiske fakultet foreslår Lone Holst frå programutvalet at studiet vert avvikla.
Arne Tjølsen er visedekan for utdanning ved Det medisinsk-odontologiske fakultet. Han stadfestar at det har kome framlegg om å legge ned masterprogrammet.
Arne Tjølsen forklarer at heile utdanninga er under omlegging.