Vil løfta dei beste forskarane

Publisert

Snittpubliseringa er no 1,02 poeng i året. Rektor Sigmund Grønmo meiner at det er grunnleggande at halve tida går med til forsking. Han meiner òg at det er eksterne som kan vurdera kvaliteten ved UiB.

– Kvalitet vert spegla ved hjelp av eksterne vurderingar. Slik må det vera, då unngår me inhabilitet eller interne drakampar.

Det sa rektor Sigmund Grønmo i innleiinga til universitetsstyret sitt årvisse seminar onsdag.

1,02 poeng i snitt
Den siste tida har det vore sagt og skrive mykje om kvalitet ved UiB. Bakgrunnen er mellom anna at UiB fell nokre plassar tilbake på den annerkjende QS List. Rektor gjentok det han har sagt før: Ein har rapportert inn eit for stort studenttal. Det tek han det fulle og heile ansvar for.

– Sidan 2005 har Universitetet i Bergen gått fram 175 plassar, medan UiO har gått fram 27. Me har òg ein oppsiktsvekkjande framgang når det gjeld siteringar. Me er best i Norge når det gjeld siteringar. Det viser at det er kvalitet på forskninga, sa Grønmo.

Han meiner at samanhengande tid til forsking er heilt grunnleggande.

– Det kan vera utfordrande i praksis. Men like viktig som at halve tida går til forsking er det at ein får samanhengande tid, sa Grønmo, og viste til forslaget til budsjett for neste år der det var lagt opp til forskingstermin etter fem år. Sjå eiga sak her.

I snitt får kvar vitskapleg tilsett no 1,02 publikasjonspoeng i året. Ved inngangen til 2012 var målet å gå opp til eitt poeng per tilsett.

– Dersom alle fåt eitt poeng i året, vil me gå mykje opp, sa Grønmo.

Rektor Sigmund Grønmo er nøgd med at UiB-tilsette sine artiklar gir fleire poeng enn før, og med at ein òg nyleg har fått midlar til fleire prosjekt frå det europeiske forskingsrådet. Arkivfoto: Dag Hellesund

Prioriterer dei flinkaste
Rektor er oppteken av at UiB skal vera eit breiddeuniversitet. Men samstundes vert dei aller beste særskilt prioritert.

– Me gir mellom anna tilleggsmidlar til dei som får EU-midlar, og midlar til dei som får gode vurderingar. Me gir midlar til dei som får gode evalueringar i Forskingsrådet, til dei som er med i finalerunden om å verta Senter for Fremragende forskning (SFF) eller få ERC-midlar,  og me gir ekstra til dei som får slike midlar. Dei som søkjer om å verta SFF eller få ERC-midlar får ekstra adminsitrativ støtte, sa Grønmo.

Han er heilt ærleg på at for at dei vitskapleg tilsette skal kunne bruka halve tida si til forsking, trengs det eksterne midlar.

ERC (det europeiske forskingsrådet, journ.anm) er bra. Me prioriterer høgt å få pengar her.

Fleire får ERC-midlar
Dei siste åra er det seks prosjekt ved UiB som har fått ERC Consoliator Grant, som er dei mest prestisjetunge midlane. I tillegg har fleire andre fått ERC Starting Grant, som er for yngre forskarar.

– Det er svenske universitet som har fått flest ERC-stipend. Universitetet i Oslo har fått sju, medan UiB saman med mellom andre unviersitetea i Stockholm og København har fått seks,sa Grønmo.

Han la til at dei som har fått ERC-midlar er område som ikkje er valt ut som spesielle satsingområde for UiB.

– Det viser kvalitet i breidden, og det viser at dei  beste vil visa seg å vera best.

 

Powered by Labrador CMS