Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
- Anne Pedersdatter var eit vanskeleg kvinnfolk spør du meg, men ho var også eit offer for eit brutalt og patriarkalsk samfunn, seier Nils Gilje. Han prøver i ei ny bok å vise at det er ingen klåre heltar eller skurkar i hekseprosessen mot Anne Pedersdotter. Alle var deltakarar i eit komplisert spel med skuldingar og motskuldingar, meiner Gilje.
Nils Gilje ved Institutt for kulturstudiar og kunsthistorie har nyss gitt ut boka “Heksen og Humanisten” på Fagbokforlaget. Boka fortel historia om Anne Pedersdatter, som vart brent som heks på Nordnes i 1590 og mannen hennar, Absalon Pederssøn Beyer, som var ein sentral skikkelse innanfor den såkalla bergenshumanismen. Gilje meiner det er viktig å forstå Anne Pedersdatter-saka i si historiske samanheng og seier at boka er eit forsøk på å seie noko om den felles verda desse to levde i. - Eg tek utgongspunkt i ”the natives point of view”, seier Gilje. Boka freistar å forstå prosessane som fann stad blant aktørar på mikronivå, så vel som dei som hadde overordna makt i samfunnet og kunne dømme til døden. I studiet av hekseprosessane er det i følge Nils Gilje viktig å få fram kjønnsdimensjonen. Dei fleste som vart dømt som hekser i Noreg var kvinner. Dei fleste som skulda andre for hekseri var truleg også kvinner. Slik var det ikkje i alle land. Til dømes i Finland og dei baltiske landa var majoriteten av dei som vart skulda for trolldom menn. Pedersdatter hadde i utgongspunktet ein høg sosial status, og det kan vere at nokre naboar var litt misunnelege på henne, trur Gilje. Truleg fekk Anne Pedersdatter eit ”ondt rykte” allereie i slutten av 1560-åra, og i byrjinga av 1570-åra fekk ho eit brev frå kongen i Københamn, som frikjende henne for skuldingar om hekseri, men desse rykta hadde allereie skada æra hennar. Absalon Beyer døydde i 1575 og Anne Pedersdatter vart meir og meir isolert fram til ho vart drepen i 1590. “Heksen og Humanisten” har tre deler. I den første delen tek Gilje føre seg saka mot Anne Pedersdatter, i del to er det Annes mann, Absalon Pederssøn Beyer som er i fokus. Den tredje delen omhandlar hekselæra og utviklar teoretiske perspektiv på hekseprosessane.
Naboane starta prosessen
- For å forstå rettssaka mot Anne Pedersdatter er det viktig å sjå kva som skjedde mellom vanlege folk. Til dømes spela naboane ei heilt sentral rolle i å få henne dømt, seier Nils Gilje.
Han meiner at trolldomsprosessar ofte vart pressa fram nedanfrå og hadde ein folkeleg basis. Men det var også naudsynt at menn med makt tok på seg å gjennomføre ei rettssak. Gilje har sett på Anne Pedersdatter og Absalon Pederssøn Beyer med historisk-antropologiske briller og prøvd å forstå enkelte sider ved tankeuniverset på 1500-talet.
- Med dagens rettsprinsipp er det sjølvsagt heilt rett å kalle det som skjedde med Anne Pedersdatter eit justismord, men slik menneska levde og tenkte i Bergen på 1500-talet er det ikkje tvil om at mange meinte det var rett å døme Anne Pedersdatter til døden. Ho hadde rykte som heks fordi naboane meinte ho dreiv med ”skadevaldande magi”. Anne var mellom anna kjent for å ta i bruk verbal aggresjon som konfliktsstrategi og fleire av naboene hennar oppfatta dette som magiske åtak. Menneska på den tida levde i ei magisk verd der både høg og låg trudde på hekser og trolldom, seier Gilje.
Derfor kunne ein prosess som hadde starta i eit nabolag få ideologisk og politisk støtte hjå dei som sat med den reelle makta.
- Eg er inspirert av den italienske historikaren Carlo Ginsburg, som har skrive boka ”Osten og makkane”. Den handlar om korleis ein møllar på 1500-talet i Italia ser på verda som ein stor ost, der vi alle er makkar i osten. Møllaren blir brent på bålet for dette verdsbiletet, seier Nils Gilje.
Kvinner skulda på kvinner
- Her i Bergen ser det ut til at der mennene brukte vald, brukte kvinnene truslar og magiske forbanningar i mange kvardagskonfliktar. Kvinner kan på denne måten utøve former for mikromakt. I fleire av rettssakene i Bergen i 1590-åra var det ofte kvinner som skulda andre kvinner for trolldom.
Anne Pedersdatter var truleg rundt 60 år gammal då ho vart brent på Nordnes. Ho ropte ut si uskuld, men heile 48 menn og kvinner var med på å få henne dømt etter at ho var skulda for ei rad tilfelle av hekseri. Mellom anna vart ho skulda for å ha tatt livet av fem personar, deriblant ein fire år gammal gut. Med i tiltalen var ei skulding for å ha teke livet av eit pæretre. Ho skulle ha drept treet ved å røre bakken rundt treet. Tjenestejenta hennar gjennom 20 år, Elina, vart eit viktig vitne. På rettssakens siste dag stod Elina fram og hevda at Anne Pedersdatter hadde nytta henne som hest.
”At hun i nattens mulm og mørke hadde ridd henne til Lyderhorn for å treffe andre trollkvinner. Der hadde de besluttet å skade byen med ildebrann, oversvømmelse og andre skjendige handlinger. Denne anklagen gjorde dypt inntrykk på lagretten og bekreftet at Anne Pedersdatter sto i ledtog med Djevelen.” skriv Nils Gilje i boka.
Skreiv først om Absalon
Sjølv vart Gilje interessert i Anne Pedersdatter-saka etter at han under skrivinga av Norsk Idehistorie bind II, som kom i 2002, såg nærare på Absalon Beyers betydning som humanist i si samtid.
– Eg vart nysgjerrig på korleis denne framstående, høgt utdanna og lærde mannen kunne ha ei kone som folk meinte var heks, fortel Gilje.
Ifølge Gilje levde både Anne og Absalon i ei magisk verd der trolldom var ein realitet. Frå dagboka til Beyer, som har vore ei viktig kjelde til ”Heksen og humanisten”, går det mellom anna fram at Absalon var svært interessert i å tyde tegn på himmelen. Han påstod mellom anna å ha sett glødande sverd som slo mot jorda. Dette tolka Absalon som at Gud ville straffe ugudelege menneske. Tolking av tegn på himmelen var noko han hadde lært under sine studier i Københamn og Wittenberg. Gilje meiner at Absalon Beyer, til liks med folk flest i samtida, trudde på magi og magiske krefter.
Ein kan ikkje forklare oppsvinget av hekseforfølginga frå andre halvdel av 1500-talet med at folket var overtruiske og uopplyste. Folk flest var sjølvsagt like uopplyste på 1200-talet, men då var ikkje heksejakt eit utbredt fenomen. Dei store hekseprosessane utvikla seg i kjølvatnet av reformasjonen og under den vitskaplege revolusjonen. Kanskje var det slik at kampen mot overtru og magi var med på å legge grunnlaget for heksejakta, seier Gilje.
Og 1500-talets Bergen var inga leikestove, her var mykje vald, prostitusjon, lågt utdanningsnivå og mykje sjukdom og naud. Trua på hekseri var gjennomgripande i dette samfunnet, og ”alle” trudde at ein med magiske verkemiddel kunne skade folk og fe. Bergen var på den tida Norges største by med mellom 6000 og 8000 innbyggjarar, og tilhøva var svært gjennomsiktige og småbyprega.
Skreiv om bergenske hekser i California
- Dette er den kjekkaste boka eg nokon gong har skrive, seier Gilje.
Han skreiv boka under Californias sol på forskingsopphald ved Stanford-universitetet vinteren og våren 2004. Boka er populærvitskapleg og rettar seg mot eit allment publikum, sjølv om det også er ei fagbok. Gilje freistar å utvikle ein teori om magi forstått som talehandling, det vil si at vi kan utføre handlingar ved hjelp av ord. Det er særleg i den i den teoretiske delen av boka at filosofen og idehistorikaren Gilje kjem til utrykk. Her søker Gilje å knytte saman filosofisk talehandlingsteori med Michel Foucaults teoriar om makt og disiplinering.
- Eg har likevel lært mest av folkloristane Bente Gullveig Alver og Torunn Selberg, seier Nils Gilje, som no ser på hekseprosessar i det moderne Sør-Afrika.
- Talet på ”heksedrap” har auka sterkt dei siste tjue åra i Sør-Afrika, og mange av mekanismene liknar mykje på dei vi finn i Bergen på Anne Pedersdatters tid. På landsbygda tar ofte folk hekseskuldingar svært alvorleg, og sidan slike skuldingar ikkje blir handsama av rettsvesenet får folk rett som det er til åtak på såkalla ”hekser”. Berre mellom 1985 og 1995 var det i det i ein provins i Sør-Afrika over 300 trolldomsrelaterte drap.