Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Med Team Olsen stiller Oddrun Samdal til val som viserektor for utdanning. Og ho leikar ikkje skule.
– Vi må bruke læringsforsking som grunnlag for sjølve undervisninga ved UiB, seier Oddrun Samdal. Med forskingsbasert undervisning meiner eg at vi ikkje berre skal ha fokus på at innhaldet i undervisninga er forskingsbasert.
I dag er ho professor i helsepsykologi og helsefremmende arbeid ved HEMIL-senteret ved Det psykologiske fakultet. Dersom Team Olsen vinn kampen om rektorkontoret 24. april, vil ho bli UiB sin nye utdanningssjef.
– Gjennom lærarutdanninga og forskinga mi har eg fått interesse, kompetanse og motivasjon for å integrere pedagogisk tenking og praksis i utdanningane våre, seier Oddrun Samdal til På Høyden.
Lærar på fådelt skule
– Nokre ser framleis på undervisning berre som forelesing. Forelesingar kan vere viktige for å formidle sentral basiskunnskap, til dømes når studentane skal lære å vurdere ulike teoriar eller teoretikarar. Men forsking seier at det ikkje er slik vi lærer best. Skal ein få mest læringsutbytte, må ein være inne i stoffet og aktiv i læringsprosessen, seier Oddrun Samdal til På Høyden.
Involveringspedagogikk og bruk av digitale verktøy har Oddrun Samdal vore oppteken av sidan ho underviste ved Misje skule i Fjell kommune frå 1992-1993. Dette var ein fådelt barneskule, der ho underviste i norsk, matematikk, kristendom, engelsk, heimkunnskap, kroppsøving og forming.
– Involveringspedagogikken gjorde sitt inntog i grunnskulen i 1980-åra og er heilt sentral når det kjem til å involvere og aktivere elevane i læringssituasjonen. Både i grunnskulen og i den vidaregåande opplæringa har det no vorte heilt vanleg med problembasert læring med fokus på ansvar for og delaktigheit i eiga læring. Studentane som vi rekrutterer til UiB, er såleis vande med å arbeide aktivt med å sette seg mål for læringa og å bruke digitale verktøy i læringsprosessen. Denne kompetansen må vi byggje vidare på ved UiB.
– Dei som er flinke bør få status og honnør, seier Oddrun Samdal. (Foto: Ida Bergstrøm)
Undervisning skal løne seg
Alle som har gått på universitetet har opplevd dei: Undervisarane som kan gjere seminaret til ein fest. Dei som skaper motivasjon og interesse for stoffet. Dei som leverer analyser og innsikt på ein slik måte at kunnskapen gjer varige inntrykk.
I dag finst det insentivmidlar for å få forskarar til å publisere forskingsresultat og kunnskap. Færre premiar går til dei undervisarane som ikkje brukar helgane til å skrive artiklar som får fagfellene til å klappe i hendene, men som heller gjev jernet for å levere den beste undervisninga.
– Har undervisninga for lav prestisje?
– Vi må bygge ein kultur rundt det at undervisningsdelen av stillinga er viktig. Med tanke på universitetet si framtid er det avgjerande at vi utdannar kandidatar som seinare skal kome tilbake som dyktige og nygjerrigheitsdrivne forskarar, seier Oddrun Samdal.
Ho er klar på at Team Olsen kjem til å arbeide med å skape insentivmidlar for undervisninga.
– Dei som er flinke bør få status og honnør. Vi vil òg løfte fram rollemodellane, og dei som er gode på å bidra til ein god undervisningskultur.
Podcast eller ikkje podcast?
Digitale verktøy har vore eit av dei få temaa der det har vore tiltjukning til diskusjon i rektorvalkampen. Dag Rune Olsen uttalte at Bali-studentane skulle få sole seg i fred, utan forstyrrande podcastar frå UiB. Team Atakan, derimot, har ivra for PC på eksamen og at podcasta forelesingar vil kunne frigjere dyrebar undervisningstid.
– Til no har det vore svært mykje fokus på det tekniske. Vi må ha ei pedagogisk tenking rundt ei digital satsing, seier Oddrun Samdal. Det inneber at vi må integrere digitale verktøy i undervisninga for å fremje læring og ikkje berre for å ta opp på film det som vert sagt og gjort. Her må vi ta i bruk læringsforskinga som viser at tekst kombinert med bilde og animasjonar fremjar læring og framfor alt at vi lærer best i interaksjon med andre. Og skal vi ha PC på eksamen, må det ikkje vere som skrivemaskin med brannmur, men med tilgang til digitale ressursar der studentane får vist at dei kan vurdere og bruke tilgjengeleg kunnskap.
– Vi skal ha fokus på kvalitet i utdanninga og at vi ikkje berre skal vere i forskingsfronten, men også i utdanningsfronten. Studentane skal lære å finne, vurdere og implementere kunnskap, og å utvikle ny kunnskap. I dette arbeidet må vi ha ein heilskapleg pedagogisk grunntenking, også til korleis vi nyttar digitale verktøy. Ettersom kunnskapen om gode læringsformer stadig utviklar seg, må vi også ha kontinuerlig kompetanseheving av undervisarane.
Lada opp med pols
Tidlegare har ho vore visedekan for utdanning og instituttleiar. Ho veit difor kva det vil seie å arbeide mykje, og å ha lange dagar. Som sin eigen kick-off til valkampen reiste ho til Rørosmartnan for å gjere noko av det ho likar aller best: Å danse.
– Eg dansar gamaldans og swing. Eg prøver også å finne tid til å trene. Eg bur i Sandviken, går og joggar ein del opp Stoltzen og over til Fløyen.
– Har det vore hektisk?
– Eg var budd på at det ville vere travelt med valkamp. Eg må rydde plass til å stille på møter og debattar og skrive lesarinnlegg. Mykje kveldsarbeid blir det også. Sidan eg arbeider i ei akademisk stilling har eg fridomen til å arbeide når eg vil, men dermed vert det viktig å kunne sette grenser for kor mykje ein arbeider. Skal ein vere ein god leiar, må ein også kunne ta vare på seg sjølv.