Vil redde nordisk

Publisert

Nordisk bør stå i ei særstilling når HF vert tvunge til å kutte i stillingar, meiner førsteamanuensis Endre Brunstad. Ingen har eit tilsvarande ansvar for norsk språk.

I den siste tida har debatten gått om ei nasjonal krise for HF-faga grunna trong økonomi og sviktande studenttal. Eitt av argumenta som har vore presentert til fordel for å halde ved like nivået på fakultetet er at faga ikkje kan vurderast i pengar.

Unik kunnskap
Trass i at heile Det humanistiske fakultetet no er under press, meiner førsteamanuensis Endre Brunstad ved nordisk, Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier, at faren er størst for nordisk.

Ingen andre i verda tek seg av det feltet som nordisk forvaltar.

– Det blir forska på kunsthistorie og engelskspråkleg litteratur ved mange universitet i verda, men det er berre i Noreg ein har forsking på norskspråkleg materiale på eit tilsvarande høgt nivå. Difor har jamvel mindre nedbemanningar for nordiskfaget relativt store konsekvensar for fagfeltet som heilskap, seier Brunstad til UiBs forskningsmagasin Hubro.

Artikkelen held fram under biletet. Brunstad seier at det i dag er avgjerande skilnader på korleis tilstanden for instituttet vert vurdert i dag frå korleis det vart vurdert i «stordomstida» på 1970-talet.

 – Det er ei kjensgjerning at færre tek nordisk i dag, men vektlegginga er også ei ganske anna no enn på 1970-talet, seier han.

På 1970-talet var det stillingsheimlar, det var mindre undervisning og mindre komplisert eksamenssystem. Brunstad meiner ein også brukte mindre tid til rettleiing av studentane. Såleis vert samanlikninga med 70-talet kunstig. Det har vorte meir vektlegging av studiepoengproduksjon i fagporteføljen no enn tidlegare, og her kjem nordisk dårleg ut, meiner Brunstad.

Personalmangel
Han seier vidare at det akutte problemet ved nordisk no ikkje er mangel på studentar, men nedbygging av fagleg personale. Dersom til dømes ei stilling som tek seg av person- eller stadnamn forsvinn, så fell veldig mykje av grunnlaget for forsking i denne forma for språkkultur på Vestlandet bort. Eksempelet er ikkje tilfeldig, for akkurat dette kan vere iferd med å skje ved Universitetet i Bergen.

Instituttleiar Johan Myking, forklarar at det relativt populære faget hjå studentane brått kan stå utan undervisar då ein ikkje har nokon erstattar til å overta etter lektoren som skal gå av med pensjon til sommaren.

 – Ein del av det nasjonale problemet er nettopp at mange av forelesarane snart går av med pensjon. Men på grunn av dei økonomiske problema i universitetssystemet har dei ikkje høve til å gi dei nyutdanna jobb, fortel Johan Myking

Powered by Labrador CMS