Vil samla den skeive historia

Publisert

Dei første 100 000 kronene er allereie på plass. Prosjektleiar Tone Hellesund håpar å få på plass eit skeivt arkiv ved UiB.

– Dei siste ti åra har det vore eit auka fokus på minoritetar og deira historie. Både jødar, samar, skogfinnar og kvenar har eigne museum og arkiv. Men den skeive historia er heilt fråverande. Dette er nok ei historie ein ikkje har tenkt på å ta vare på – det er òg ei forteljing om skam, seier Tone Hellesund.

Ho er førstebibliotekar ved Universitetsbiblioteket og har fagbakgrunn som etnolog. No leiar ho prosjektet med å få eit skeivt arkiv til Bergen.

Først i Norden
Eit skeivt arkiv vil mellom anna omfatta historia til dei som i dag kallar seg LHBT – lesbiske, homofile, bifile og transpersonar.

– I dag er det få deler av den skeive historia som er dekka. Det er skrive nokre doktoravhandlingar – tre av dei i Bergen, og i tillegg ei handfull masteroppgåver. Det er berre ei avhandling som fokuserer på kvinner, seier Hellesund.

Mange andre land har fått arkiv for skeiv historie, men eit arkiv i Bergen vil verta det første i Norden.

Prosjektet vert på mange måtar todelt: På den eine sida ønskjer Hellesund å få samla og digitalisert det som finst av arkivmateriale. Spor av skeiv historie finst både i offentlege arkiv som strafferegister, pasientregister frå sjukehus og kyrkjebøker, og i privatarkiv, både som organisasjonsmateriale, brev og dagbøker.

Kunne straffast fram til 1972
Den andre sida av prosjektet er det vitskaplege.

– Arkivmaterialet kan seia noko om korleis ein opp gjennom tida har tenkt om kjønn og seksualitet, korleis det vart handtert av samfunnet, og om korleis skeive menneske levde liva sine. Fram til 1972 kunne mannleg homoseksualitet straffast, seier Hellesund.

– For meg byrja arkivtanken med forskingsbehovet. Det kan finnast gull for forskarar på dette feltet, til dømes historikarar, samfunnsvitarar, sosialantropologar og litteraturvitarar, men òg for journalistar og forfattarar.

Prosjektleiaren fortel at oversikt over skeiv kunst, spesielt romanar, kanskje òg skal ha plass i eit skeivt arkiv. Førstebibliotekar Jan Olav Gatland, som jobbar ved bibliotek for humaniora, er ein pioner på skeiv litteraturforsking.

– For unge, skeive menneske har litteratur, kunst og film spegla at ein ikkje var åleine i verda, seier Hellesund.

Fann ukjent dagbok
Hellesund si hovudfagsoppgåve tok utgangspunkt i Lagertha Broch. Den ugifte lærarinna (fødd 1865) si dagbok vart tilfeldigvis funne då familien rydda etter at ho var død. Bålet var tent og mykje skulle brennast, men ei inngift svigerinne fann dagboka og leverte henne til Universitetsbiblioteket i Oslo. I dagboka skildrar Broch sine forhold til kvinner.

Hellesund trur det finst fleire slike dagbøker – men ho fryktar òg at mykje er kasta eller brent.

– Eg trur mange skeive har vore redde for å ta vare på ting, og verken dei sjølve eller familiane deira har tenkt på at slikt materiale kunne ha nokon verdi. Det har òg vore ei redsle for å hamna i offentlege arkiv, ein skal hugsa på at det òg var norske homofile som vart sendt til konsentrasjonsleirar under andre verdskrigen. I staden for jødestjerna var dei merka med ein rosa trekant.

I 1953 vart Det norske forbundet av 1948  (DNF-48) stifta. Organisasjonen arbeidde for interessene til homofile. Ei av dei som vart viktige i DNF-48 var Karen-Christine «Kim» Friele.

– Men ho er no 76 år, og mange av dei som var med i organisasjonen i starten er allereie døde, seier Hellesund.

Som ein del av arkivet ønskjer ho å samla intervju med skeive menneske. Dette er mellom anna gjort i USA.

Tone Hellesund håpar at eit skeivt arkiv kan verta oppretta ved Universitetsbiblioteket. Fritt ord har gitt 100 000 til eit forprosjekt. Foto: Hilde Kristin Strand

Kvinne gjorde kvinne gravid
Først i 1982 fjerna Sosialdepartementet homofili som sjukdomsdiagnose. Rundt år 1900 vart homofili nemnt i medisinen. Men heilt attende til 1400-talet kan ein finna døme på både kjønnsoverskridingar eller seksuelle overskridingar i offentlege arkiv.

– Eit døme er historia om Karine, som historikar Erling Sandmo har skrive om. Historia er frå 1798, der Karine hadde «besovet» ei tenestejente, og i tillegg gjort henne gravid. Frå fødselen av hadde det vore uklart om Karine var jente eller gut, men det vart bestemt at ho skulle reknast som jentebarn. Etter denne saka vart dette gjort om – ho vart til Casper, fortel Hellesund.

– Rundt om på bygdene brukte dei gjerne ordet tvetulling eller tvitulling. Dette kunne verta brukt om personar som Karine/Casper, men òg om personar som braut for mykje med kjønnsnormar og om personar ein i dag ville ha kalla homoseksuelle.  

På byrjinga av 1800-talet levde Anne Lister. Ho var ei vellukka forretningskvinne – med ein løyndom. Då ein etter at ho var død klarte å tyda dei koda dagbøkene hennar, fann ein ut at ho hadde hatt eit svært aktivt, og detaljert skildra, sexliv – med andre kvinner.

– Desse historiene er noko av grunnen til at me øsnkjer at arkivet skal heita skeivt arkiv. Det kan romma dei mange ulike historiske kategoriseringane av ikkje-normative kjønn og seksualitetar, meiner Hellesund.

Fekk 100 000
Hellesund har saman med bibliotekdirektør Ole Gunnar Evensen skrive eit notat til familie- og kulturkomiteen på Stortinget der dei ber om atbehovet for eit skeivt arkiv vert omtala i innstillinga til arkivmeldinga.  Hellesund har i tillegg skrive søknader til kulturrådet, Fritt ord og Universitetsfondet om midlar til konkrete forprosjekt.

Nyleg kom meldinga om at Fritt ord går inn med 100 000 kroner. Det er ein god start, men prosjektleiaren ønskjer seg meir pengar.

– Det er eit opplagt hol her, så spørsmålet er kven som skal gjera noko med det og kva som skal gjerast. Argumentasjonen for at eit slikt arkiv skal ligga i Bergen og ved Universitetsbiblioteket er at det allereie er eit miljø som har forska på skeiv historie ved UiB og særleg ved Det humanistiske fakultet. Eg håpar at både biblioteket, UiB og politiske styresmakter ser at dette er noko ein bør bruka midlar på, seier Hellesund.

Journalisten gjer merksam på at Tone Hellesund er søster til Dag Hellesund, redaktør i På Høyden. Dag Hellesund har difor ikkje vore involvert i det redaksjonelle eller journalistiske arbeidet med denne saka. 

 

 

Powered by Labrador CMS