Vil samle ernæringsforskinga

Publisert

Bergensregionen har gode forskingsmiljø i ernæringsrelatert forsking, men dei er spreidde og til dels små. No lokkar Programstyret for ernæring med prosjektmidlar dersom dei slår seg i hop.

I mandatet til programstyret ligg både ansvar for å skape attraktive studietilbod i ernæring, og å stimulere til forsking og utvikle forskarutdanning på feltet.

– Då programstyret skulle få på plass eit studium i klinisk ernæring, måtte vi få med forskarane i regionen. Ei kartlegging viste at vi har mange gode forskarar, men at miljøa er spreidd. Til dels visste dei ikkje om kvarandre. Vi ynskjer å stimulere til betre samarbeid, og difor lyser vi ut desse forskingsmidlane, seier leiar for programstyret Alfred Halstensen, som er professor ved Institutt for indremedisin.

Må samarbeide

Søknadsfrist er første juni med prosjektstart til hausten, og det er eit krav at minst to fagmiljø slår seg saman om prosjektet. Programstyret ønskjer å støtte prosjekt med problemstillingar som engasjerer forskarar frå fleire felt, både ved UiB og utanfor.

Samstundes legg Forskingsrådet opp til ei ny ordning med Senter for forskingsdrive innovasjon (SFI), ei ordning som skal styrke norske forskingsmiljø som arbeider i tett samspel med innovativt næringsliv. Ordninga skal lysast ut i mai med søknadsfrist til hausten, parallelt med ein ny søknadsrunde for Senter for framifrå forsking (SFF).

– Samling av forskingsmiljø innan marin ernæring passa godt inn i den nye satsinga på SFI. Arbeidet kan få konkret utteljing i ein SFI-søknad, fortel Halstensen.


Passar med forskingsmeldinga

I den nye forskingsmeldinga, som vart lagd fram i mars, nemner regjeringa fire tematiske område som skal prioriterast i norsk forsking: energi/miljø, hav, mat og helse.

– Marin ernæringsforsking ligg godt innanfor i alle fall tre av desse områda. Det viser at det er eit stort potensiale for slik forsking. Dessutan ser vi at samfunnet ønskjer kunnskap om ernæring. Det er mykje feilinformasjon, og vi ønskjer å medverke til å få fram forskingsbasert informasjon, seier Halstensen.

– Det har vore veldig stimulerande å jobbe med dette. Det kan sjå ut som om tida var overmogen for ei samling av miljøa. Ikkje berre er alle dei sju fakulteta ved UiB involverte i ernæringsforsking, men også Helse Bergen, Havforskingsinstituttet, Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking og Fiskeriforskning er med på satsinga. Vi vonar at også næringslivet vil sjå potensialet for samarbeid med forskingsinstitusjonane tydelegare. Det er rom for store synergieffektar.


Marint potensial

– Både for UiB og for landet har vi eit enormt potensiale i marine ressursar, der ernæring er ein viktig del. I tillegg har regionen mykje verksemd kring ernæring. Dette var utgangspunkta då vi tok til å sjå på moglegheitene for ei satsing på ernæring, seier prorektor Rune Nilsen, som berømmer entusiasmen og sjenerøsiteten i forskingsmiljøa:

– Programstyret for ernæring er ei styringsgruppe for både forsking og utdanning, som er ein noko uvanleg modell. Eg er imponert over korleis partnarinstitusjonane har gripe fatt i dette. Næringslivet er også trekt inn heilt frå starten, slik at vi er i ferd med å utvikle eit innovasjonsorientert miljø som byggjer på forsking og utdanning.

Powered by Labrador CMS