Vil sikre lik karaktersetjing

Publisert

Med innføring av bokstavkarakterar har det oppstått ei viss forvirring om vurderingsgrunnlaget for karaktersetting. Ein skal no sikre rettvis karakterfordeling ved dei ulike universiteta gjennom nasjonal samordning av bokstavkarakterar.

Universiteta jobbar no intenst for å sikre at studentane får lik karaktervurdering ved alle fire lærestader. Rektorane ved dei fire universiteta har gått saman om å utforme eit felles notat der dei stakar ut kursen for framtidig karaktersetjing.

– Vi skreiv brevet fordi vi meiner at det skal vere ein felles kultur og for å signalisere at vi ønsker samordning. I brevet har vi skissert opp sju punkt som skal bidra til felles forståing, seier rektor ved UiB, Kirsti Koch Christensen. Ho har sendt brevet til alle dekanane ved UiB, og seier at mykje allereie er gjort frå fakulteta si side for å få eit felles grunnlag for vurdering innanfor dei ulike faga.

Andre kriterium enn prosentvis fordeling

Denne hausten er for første gong bokstavkarakterar, frå A til E (F er lik stryk), innført som einaste gyldige karaktervurdering, i tillegg til bestått ikkje-bestått. Universitets- og høgskolerådet tilrår at ein nytter termene fremragende, meget godt, godt, tilstrekkelig og ikke bestått, som utgongspunkt for karaktersetjinga på dei enkelte nivåa. Heller enn ei normalfordeling der ti prosent skal få A også vidare, skal prestasjonen skal altså vere hovudgrunnlaget for karaktersetjing. Riktig karakter for ei oppgåve som ikkje tilfredsstiller faglege minstekrav skal vere ikkje bestått, altså F, uansett kor mange det måtte gjelde. Det same gjeld karakteren A, uansett kor mange som måtte levere ei god nok oppgåve for denne, skal dei få A. Men, den typiske prestasjon for ein norsk gjennomsnittsstudent skal lønast med karakteren C. Det gjeld altså å finne balansepunktet mellom prestasjon og normalfordeling.

Ved Juridisk fakultet har ein i haust støtt på nett dette problemet. For få har oppnådd gode karakterer i forhold til ei såkalla normalfordeling og ein ser no på om karakterane har vore sett for strengt.


Må nytte fagleg skjønn

Prorektor for utdanning, Leiv K. Sydnes, presiserer at i bruken av ECTS (European Credit Transfer System) ligg det implisitt at ein skal ha ei prosentvis fordeling, med ein viss andel studentar på A, ein viss andel på B også bortetter. Han meiner at dette blir ivareteke ved at i store populasjonar landar ein nesten alltid på ei slik kurve.

– Vi må nytte fagleg skjønn, for det er ikkje snakk om først å lage ei normalfordeling og så fordele studentane.

– Problem kan oppstå i mindre studentkull, og på hovudfag, der studentane har oppnådd større ferdigheiter og kulla er for små til å oppnå normalfordeling, seier Sydnes.

Rektor Kirsti Koch Christensen er einig med Sydnes.

– Sjølv om vi skal gå ut frå sjølve prestasjonen og vurdere den utifrå om om den er framifrå, meget godt også bortetter er det rektorane sitt syn at over tid, og i større populasjonar vil dette fungere nokså uproblematisk,

– Problema kan dukke opp på mastergradnivå. Der er det tradisjonelt svært høge karakterer, og dersom normalfordelinga tilseier at C skal vere den vanlegaste karakteren kan vi få eit problem. Dette må vi diskutere korleis vi best kan løyse, seier rektor.


Nasjonale referansepanel

Ei anna heit potet er korleis ein kan sikre at krava er dei same ved ulike lærestader, så studentane kan føle seg sikre på lik behandling. Rektorane foreslår her at ein etablerer eit sett med nasjonale referansepanel. Desse skal bestå av ein representant for kvart universitet som gjev undervisning på det aktuelle fagområdet. Desse panela skal mellom anna samordne bruken av beste karakter, A, og forventa gjennomsnittskarakter, C.

Leiinga ved UiB oppmodar til etablering av slike referansepanel så snart som mogleg.

Der ein av ulike årsaker har ein sterk konsentrasjon av besvarelser innanfor til dømes A og B, oppmoder rektorane til å vurdere å gå over til bestått/ikkje bestått som vurderingsgrunnlag.


Open om karakterer

For å bidra til tillit vil kvart universitet offentliggjere den statistiske fordelinga av karakterer for det enkelte studieprogrammet. Vidare heiter det at ein skal vere varsam ved bruk av karakterer som grunnlag for sortering på tvers av universitet og høgskular når det gjeld opptak til lukka studier. Då skal ein vurdere eigne opptaksprøver dersom det er tvil.

Utdanningsutvalget skal ha felles forståing av karaktersystemet som orienteringssak i møte mandag 8. desember.

Powered by Labrador CMS