Vil sleppa til yngre krefter

Publisert

– Min generasjon har styrt sidan 1980-talet. Det er på tide at nokon yngre tek over. Det seier Gjert Kristoffersen, som ikkje stiller som kandidat til dekan.

– Eg er for gamal, humrar Gjert Kristoffersen.

– Eg har vore dekan i fire år. Til sommaren fyller eg 64, og eg ønskjer å gjera noko fagleg før eg går av for aldersgrensa, legg han meir alvorleg til.

Eigen leitekomité
Dekanen ved Det humanistiske fakultetet tek altså ikkje attval. Det har han gjort heilt klart for fakultetsstyret. Fakultetet har oppretta ein eigen leitekomité som har som oppgåve å finna moglege kandidatar.

– Me skal ikkje koma med forslag, men skal prøva å finna dei som kan tenkja seg å stilla, seier Leiv Egil Breivik. Instituttleiaren ved Institutt for framandspråk leier komiteen.

– Det er på tide at nokon yngre tek over. Min generasjon har styrt fakultetet sidan 1980-talet, seier Kristoffersen.

Breivik er samd.

– Det er den same generasjonen som har styrt, og dei siste dekanane har kome frå nordiskmiljøet. Kanskje er det på tide med ein dekan frå eit anna fagmiljø og frå ein annan generasjon – og gjerne ei kvinne, seier han.

Eid og Strandbakken stiller truleg
I vår skal fire av fakulteta velja ny dekan. Ved dei to andre, Det medisinsk-odontologiske og Det matematisk-naturvitskapelege, er dekanane tilsette. Nina Langeland sitt åremål går ut i haust. Ho seier at ho førebels ikkje har bestemt seg for om ho vil søkja på nytt.

Dag Rune Olsen har som kjent andre planar. Hans åremål går ut i januar neste år, og han seier til På Høyden at han stiller til val som rektor og har ingen andre planar enn det.

Jarle Eid ved Det psykologiske fakultetet seier at han vurderer å stilla til val, men at det i så fall vert hans siste dekanperiode. Også ved Det juridiske fakultet vurderer dekanen å stilla til val igjen.

– Eg gjer det dersom eg får klarsignal på heimebane, seier Asbjørn Strandbakken.

Ny partnar for Helland
Ved Det samfunnsvitskapelege fakultetet stiller prodekan Anne Lise Fimreite som kjent som prorektorkandidat. Dekan Knut Helland seier at han har bestemt seg for å stilla til val som dekan. Med på laget har han Annelin Eriksen som prodekankandidat. Ho er professor ved Institutt for sosialantropologi.

– Eg har vorte oppmoda om å stilla som kandidat. Eg synest det er interessant å jobba både fagleg, organisatorisk og universitetspolitisk, og det er ein del ting som er i gang som eg har lyst til å vidareføra, seier Helland og nemner medieklynga som døme.

– Eg synest òg me har gode dialogar om utviklinga av det faglege på fakultetet, seier Helland.

– Korleis var det å måtte finna ny partnar?

– Det har vore spanande, og det har gått veldig greitt. Det er ei glede å samarbeida med Fimreite og Smedal. No vert det endringar, og det skaper òg nye moglegheiter. Endringar i person gir òg endringar i tenking og framgangsmåte. Eg er veldig glad for at Eriksen vil stilla, seier Helland.

Powered by Labrador CMS