Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Opposisjonspartia på Stortinget vil gi meir pengar til dei nye universiteta i Stavanger, Agder og Bodø.
Det er i ein merknad til regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2012 det går fram at opposisjonspartia samla står bak eit forslag om å betra rammevilkåra for dei nyaste universiteta: Universitetet i Agder, Universitetet i Stavanger og Universitetet i Nordland. Partia viser til at dei ikkje lenger er statlege høgskular, og at forholda difor bør leggjast betre til rette for at dei kan konkurrera om forskingspengar på likare vilkår med dei gamle universiteta. 1,2 milliardar meir Venstre går endå lenger og foreslår å auka den samla basisløyvinga til universitets- og høgskulesektoren med 300 millionar kroner. Til saman foreslår Høgre 1,2 milliardar meir til forsking og utdanning frå grunnskule til universitet enn det regjeringa gjer. – Blir handsama ulikt – I dag blir på mange måtar dei tradisjonelle universiteta og dei nye universiteta handsama forskjellig, sjølv om alle er universitet. Medan forskarane ved dei tradisjonelle universiteta får forska i 50 prosent av arbeidstida si, får forskarane ved dei nye universiteta berre forska i 25 prosent av arbeidstida si, påpekar Harberg overfor Uniforum. Han meiner at dei nye universiteta har med sine spesialitetar store rom for å styrkja forskinga i profesjonsfaga. – Med vårt forslag ynskjer me å gjera det lettare for forskarar frå dei nye universiteta å få frigjort tid til å skriva vitskaplege artiklar, slik at også universiteta deira kan få meir pengar enn i dag frå potten med resultatbasert omfordeling, som i stor grad er basert på publikasjonar i velrenommerte, vitskaplege tidsskrifter, seier Harberg. Vil utjamna skilnader – Då vil dei nye universiteta få tildelt prosentvis fleire stipendiatstillingar enn dei har fått til no. Det kan vera med på å utjamna dei skilnadene som i dag finst mellom dei gamle og dei nye universiteta. Kort fortalt ynskjer me å gi dei nye universiteta betre rammevilkår enn det dei har i dag, sjølv om dei er fullstendig klare over at det alltid vil vera ein skilnad mellom dei og dei gamle universiteta både når det gjeld storleik og rammevilkår, presiserer han. – Skal de då ta dei ekstra pengane frå dei statlege høgskulane eller frå dei tradisjonelle universiteta? – Det felles målet vårt er at me skal styrkja heile universitets- og høgskulesektoren, slik at den får auka handlingsrommet sitt. Sjølvsagt vil me seia klart ifrå om at kvar institusjon må vurdera nøye kva dei brukar pengane sine på og kva dei får igjen for dei. Me har registrert at mange universitet kuttar ut evalueringar av enkeltfag og enkeltstudentar, og det vil utan tvil gå ut over kvaliteten. Me meiner at universiteta må vera nøye på kvalitetssikringa, og der det er naudsynt, må dei også betra kvaliteten. For å få dette til må det skaffast meir ressursar til heile sektoren, seier Harberg til Uniforum. – Ikkje ta frå dei gamle – Eg har ingenting imot at dei nye universiteta får betre vilkår, men meiner det vil vera svært uheldig om dette fører til mindre pengar til dei store forskingsuniversiteta. Også dei har store behov for auka ressursar, og Noreg har høve til å gi betre vilkår for alle universiteta, meiner Grønmo. – Ikkje klok politikk – Det er ikkje ein klok politikk å skulla finansiera fleire breiddeuniversitet enn dei me allereie har. I høve til folketalet, har me alt no fleire universitet enn dei landa me brukar å samanlikna oss med. Der går utviklinga i motsett retning, med konsentrasjon og fusjonar, ikkje minst av omsyn til ein stadig sterkare, internasjonal konkurranse om forskingsmidlar og talent, konstaterer Digernes, før han legg til: – Det har dessutan vore ein politisk premiss i utviklinga av sektoren, at det ikkje skal vera ein økonomisk motivasjon å vera universitet. Ei slik utvikling som den føreslegne, bør difor ha eit tydelegare politisk grunnlag i ei vurdering av kor mange universitet Noreg har rom for, og under kva premissar dei skal utvikla seg. Dei eksisterande midlane i sektoren må ikkje blir spreidde tynnare ut over fleire institusjonar, understrekar Digernes. Må avgrensa antal universitet – Styresmaktene må bestemma seg for kor mange universitet dei meiner det skal vera her i landet, seier Ottersen og viser til at det både i Finland, Danmark og Tyskland er ein tendens mot fusjonering av universitet. UiO-rektoren stiller fleire krav til styresmaktene. – Skal det setjast inn fleire ressursar i nye universitet, må dette skje ved at totalramma for det norske FoU-budsjettet blir auka. Dersom universitetsstatus automatisk utløyser fleire ressursar, vil det skapa ei endå sterkare drift i retning av universitetsstatus og gjera det endå meir presserande å setja eit politisk tak, meiner han.
I merknaden viser Høgre til at dei i sitt alternative budsjett foreslår 105 millionar meir i grunnløyvingar til sektoren og 50 millionar kroner ekstra til stipendiatar og postdoktor-stillingar, medan Kristeleg Folkeparti foreslår både å auka løyvinga til dei nye universiteta i Stavanger, Agder og Nordland med 15 millionar kroner og den samla grunnløyvinga til sektoren med 200 millionar.
Svein Harberg, Høgres representant i Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget, ser store fordelar for dei nye universiteta om opposisjonspartia sitt forslag blir realisert i ei framtidig borgarleg regjering etter stortingsvalet i 2013.
Han er sikker på at dersom dei klarer å få auka talet på stipendiatstillingar, vil det også vera til fordel for dei nye universiteta.
Rektor Sigmund Grønmo ved Universitetet i Bergen protesterer ikkje imot at dei nye universiteta får meir pengar.
Rektor Torbjørn Digernes ved NTNU i Trondheim synest ikkje forslaget til opposisjonspartia er særleg klokt.
UiO-rektor Ole Petter Ottersen meiner Noreg må setja eit tak på talet på universitet.