Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Kven er mest utsett for passiv røyking? Kvifor er Hordaland eit høgrisikoområde for multippel sklerose? Korleis kan det ha seg at pasientar som allergiske mot fisk er allergiske mot nokon fiskeslag, men tåler å ete andre?
Kven er mest utsett for passiv røyking? Kvifor er Hordaland eit høgrisikoområde for multippel sklerose? Korleis kan det ha seg at pasientar som allergiske mot fisk er allergiske mot nokon fiskeslag, men tåler å ete andre? Den nye Forskerskolen i klinisk medisin vil frå 1.til 3. februar synleggjere nye forskingsprosjekt som er knytt til Haukeland Universitetssjukehus og Universitetet i Bergen. Utstillinga består av 44 postere som omhandlar eit breitt spekter av forsking innanfor klinisk medisin. Det er fjerde gongen det vert arrangert posterutstilling på Haukeland. Posterane vert hengt opp frå klokka 15.00 onsdag 1. februar i foajeen i sentralblokka på Haukeland Universitetssjukehus. Premier på 5000, 3000 og 2000 kroner til dei tre beste presentasjonane vert delt ut av administrerande direktør i Helse Bergen, Anne Kverneland Bogsnes, fredag 3. februar klokka 12.00 Det er Institutt for indremedisin, Institutt for klinisk medisin og Institutt for kirurgiske fag ved Universitetet i Bergen som går saman om å gje forskaropplæring i klinisk medisin til legar og andre universitets- og høgskuleutdanna på den nye forskarskulen . Desse tre institutta har til saman det største pasientgrunnlaget for klinisk forsking i Noreg og samlar nærare 100 forskarar og 150 doktorgradstudentar. Forskinga ved institutta spennar frå basal molekylær- og genetisk forsking til diagnostikk og behandling nær pasientane.