Vil tilby HMS-kurs til alle studentar

Publisert

I samarbeid med Det Norske Veritas og SEVU tilbyr Fysisk institutt eit innføringskurs i HMS-arbeid til studentar i prosessteknologi. No vonar initiativtakarane at alle studentar skal få tilbod om eit slikt kurs.

– Medan dei tilsette får fleire kurstilbod og mykje merksemd når det gjeld HMS-arbeid, lærer studentane ingenting - sjølv om dei skal vere samarbeidspartnerar for dei tilsette i arbeidet med å skape eit godt arbeidsmiljø. Det heng ikkje i hop, meiner professor Rolf Eckhoff ved Fysisk institutt.

I samband med oppretting av masterprogrammet i prosessteknologi ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet, fekk han signal frå industrien om kor viktig det var at studentane fekk ei innføring i HMS-konseptet.

– Vi kontakta Veritas og undersøkte om det let seg gjere å gå i kompaniskap om dette, og lage eit kurs for både eksterne og våre eigne studentar. Studentane fekk friplass på kurset, medan eksterne deltakarar betaler ei kursavgift, fortel Eckhoff.

– Vi høyrer frå alle kantar at HMS er viktig. Difor ønskte vi eit kurs som kunne gje eit oversyn over kva HMS-arbeid eigentleg handlar om, om alt frå bruk av vernesko til eksplosjonsfare, arbeid med kjemikaliar og lovgjeving på området.

Vil utvide tilbodet

På bakgrunn av erfaringane frå dette arbeidet, meiner Eckhoff at alle studentar ved universitet og høgskular burde få tilbod om eit innføringskurs i HMS. No er det teke initiativ til å vidareutvikle konseptet og tilpasse det studentar frå andre fakultet, så vel som deltakarar frå samfunnet elles.

HMS er blitt viktigare og viktigare i alle delar av samfunnet. Våre kandidatar treng skolering, sjølv om det gjerne er viktigare i nokre fagmiljø enn i andre. Ved Kjemisk institutt blir det til dømes undervist i HMS for kjemikarar. Alle studentar må ta eit slikt kurs før dei får drive lab-arbeid, seier viserektor for utdanning, Leiv Sydnes.

– No vil vi sjå på korleis vi kan samordne og vidareutvikle tilbodet. Mitt håp er at det kan kome i gang rimeleg raskt, helst vil vi ha eit kurstilbod på plass i løpet av hausten, seier han.

Leiar ved SEVU, Knut Olav Aslaksen, er også positiv til å utvikle samarbeidet.

– Det kurset som vi tilbyr studentane i prosessteknologi, er intensivt og ressurskrevjande, og vil ikkje passe for alle fagmiljø. Men studentane har gjeve positive tilbakemeldingar, og både vi og Veritas er interesserte i å sette oss ned og sjå på korleis dette kan tilpassast fleire miljø, seier han.

Powered by Labrador CMS