Vil utdanne ein akademisk stab av gambiarar

Publisert

Universitetet i Gambia er ungt, med få tilsette og store oppgåver framfor seg. Viserektor Felixtina Jonsyn-Ellis er på ei to vekers vitjing i Bergen, for å diskutere forskingssamarbeid og utveksling. Og for å fortelje korleis det er å vere afrikansk kvinne og akademikar.

Dr. Felixtina Jonsyn-Ellis er professor i mikrobiologi og dekana ved faculty of science and agriculture ved University of The Gambia. No er ho i Bergen etter invitasjon frå Fysisk instutt.

– Universitetet vart etablert i 2000, og no har vi om lag 150 tilsette, der dei fleste er utlendingar. Ei av hovudoppgåvene våre no er å utdanne ein akademisk stab av gambiarar, forklarer ho.

Fakultetet hennar har ein avtale med Fysisk institutt ved UiB, som går ut på at tilsette ved Fysisk institutt jamnleg dreg til Gambia for å undervise i fysikk, medan styraren for fysikkseksjonen i Gambia er i Bergen for å ta doktorgraden.

– Vi vil gjerne har fleire avtaler av denne typen. Når våre folk dreg utanlands for å vidareutdanne seg, må andre ta over deira undervising, seier Jonsyn-Ellis.

Amanuensis Egil Fett ved Fysisk institutt presiserer at dei også driv forskingssamarbeid, og at UiB har eigeninteresse i samarbeidet.

– Gambia er eit lite land som eigentleg berre består av ei elv og to elvebredder. Elva er svært brei, og der er ingen vatnfall, og det gjer at effektane av tidevatnet kan merkast langt innover i landet. Du får saltvatn og brakkvatn langt oppover elva. Det gjev området ein heilt spesiell økologi som ein ikkje finn andre stader, og det er svært spennande å studere, seier han.

Kvinnerolla i endring

Medan ho likevel er på besøk, deltok professor Jonsyn-Ellis på eit seminar på Senter for kvinne- og kjønnsforsking fredag føremiddag. Der snakka ho om korleis det er å vere kvinne og akademikar i eit overvegande muslimsk, afrikansk land. 90 % av folket i Gambia er muslimar. Sjølv er ho kristen, men har både vener og nære slektningar som er muslimar.

– Heldigvis har vi ein president som oppmodar kvinner til å ta utdanning og søkje posisjonar. Kvinnerolla i Gambia har endra seg mykje etter at han kom til makta i 1994. Mange kvinner er tilsett i den offentlege forvaltinga, ut frå tanken om at når det offentlege opnar for å tilsette fleire kvinner, vil den private sektoren følgje etter. Det finst eigne utdanningsstipend for jenter, slik at foreldra ikkje kan skulde på at dei ikkje har råd til å sende jentene på skule. Eit resultat er at mange jenter gjerne vil ta høgare utdanning. Om lag ein fjerdedel av våre 1500 studentar er kvinner, flest på medisin, fortel Jonsyn-Ellis.

Ho meiner Afrika i det store og heile framleis tilhøyrer mennene.


Forvekslar tradisjon med religion

– Vi må prøve å få kvinner til å kjenne at dei er viktige. Før hadde ein ingen grunn til å investere i jentebarn, og dei vart gjerne haldne heime og gifta vekk i ung alder. Dette har endra seg mykje, seier ho.

– Men framleis er det viktig å oppmode jenter til å ta utdanning, spesielt innan naturvitskapane. Vi har eit innpassingsprogram for jenter som ønskjer å studere naturvitskap, men som manglar full studiekompetanse. Sjølv i Norge er det vanskeleg å rekruttere jenter til ein del naturvitskaplege fag. Vi kan ikkje vente at jentene vil strøyme til fysikkstudiet. Men vi ønskjer å vise at dei er velkomne!

– Her i landet har vi ein tendens til å blande religion og tradisjon. Vi assosierer gjerne islam med Taliban som nekta afghanske jenter skulegang. Men slik er det ikkje alle stader, og det er viktig å hugse, legg Egil Fett til.

I løpet av opphaldet i Bergen har Jonsyn-Ellis hatt fleire fruktbare møte med ulike representantar for UiB, men det har også blitt tid til ein tur på Fløyen.

– Heime har eg så mange oppgåver og lange dagar. Denne turen har mest vore som ein ferie. Og ikkje be om unnskulding for regnet. Eg har budd i Storbritannia!

Powered by Labrador CMS