Vil verta framifrå gjennom det tverrfaglege

Publisert

I den verkelege verda vil legar, ergoterapeutar og sjukepleiarar jobba saman. No får studentane ved helseprofesjonsstudia tilbod om felles utplassering.

– Ein ergoterapeut og ein psykolog snakka svært godt saman. Dei diskuterte om pasienten var klar til å reisa heim, og vart samde om at dét at pasienten klarer å setja på kaffi sjølv, gjer at han eller ho får eit betre liv.

Det er Anders Bærheim, professor ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin, som illustrerer. Han leiar TVEPS (Senter for tverrprofesjonell samarbeidslæring i primærhelsetjenesten).

Lagar konkret tiltaksplan
Namnet er langt, men tanken bak ganske enkel: Felles utplassering for studentar ved dei ulike helseprofesjonsstudia ved UiB og Høgskolen i Bergen. Med i samarbeidet er òg Fjell kommune. Bergen kommune er førebels noko lausare knytta til senteret, det same er tannhelsetenesta i Hordaland.

– Dette handlar om at studentane skal få trena på tverrfagleg samarbeid. Når dei skal ut i arbeidslivet må dei jobba i team, men under studia er dei knapt trente i det, seier Bærheim.

Studentane vert sett saman i grupper på tre til fem og får ein praksisplass, i hovusak ved ein institusjon. Saman treffer dei pasienten, og saman lagar dei ein tiltaksplan. Til slutt vert denne diskutert saman med dei tilsette på institusjonen.

– Ein kjem med svært konkrete forslag, som til dømes at pasienten ikkje bør reisa heim før vedkomande er meir stødig til beins, at pasienten bør byta medisin før han eller ho får reisa, eller at ein bør undersøka om pasienten kan ha diabetes, seier Bærheim.

Akkurat kva problemstillingar studentane grip tak i, heng saman med kva fagbakgrunn dei har. Prosjektleiinga har bede institusjonane om at studentane får treffa pasientar som er nokonlunde oppegåande kognitivt, og som har komplekse nok diagnosar til at dei er utfordrande for studentane.

– Ser ikkje så mange andre
Kristin Mork Hamre er medisinstudent på sjette året. Ho fekk informasjon om prosjektet, og valde å melda seg.

 – Me har ganske lite tverrfagleg i utdaninnga. Me sit på Haukeland i seks år og ser ikkje så mange andre. Dette vert annleis når me er ferdige, seier Mork Hamre.

Ho fortel at før ho og resten av gruppa trefte pasienten, hadde dei eit møte og fekk sett journalen.

– Då me trefte vedkomande prøvde me å fordela oppgåver. Pasienten hadde fem diagnosar, seier medisinstudenten.

– Tilbakemeldinga me får er at studentane lærer mykje, og dei føler at dei må stå til ansvar for eige fag. Fjell kommune seier at studentane representerer ei kvalitetssikring, dei vert eit ytre blikk på korleis ein jobbar, seier Bærheim.

Programsjefane for dei ulike profesjonsutdanningane sit alle i gruppa. Dette er òg eit gode, meiner Bærheim.

– Ein lærer av kvarandre. Dette kan bidra til meir samarbeid.

MOF og psykologi
Førebels er det Det medisinsk-odontologiske fakultet og Det psykologiske fakultet som er med i prosjektet frå UiB si side. Det humanistiske fakultet er på veg inn, gjennom Griegakademiet si musikkterapiutdanning.

– Me tenkjer òg at juss kan vera relevant. Då tenkjer eg spesielt på å sjå på rettane til menneske med nedsett samtykkekompetanse, seier Bærheim.

Hos farmasistudentane har den tverrfaglege utplasseringa allereie vorte obligatorisk. Det er tanken at det etterkvart skal verta det for dei andre studentgruppene òg.

– Det jobbar me med. Men det er nokre praktiske utfordringar knytta til det, det er til dømes mange fleire sjukepleiarstudentar enn farmasi- eller ernæringsstudentar, seier Bærheim.

Anders Bærheim er professor, Trine Pernille Klokkerud er førstekonsulent som jobbar halve stillingen med TVEPS, og Kristin mork Hamre er medisinstudent. Alle tre er godt nøgde med den nye, tverrfaglege praksisen helseprofesjonsstudentane får. Foto: Hilde Kristin Strand

Vil verta SFU
I mars lyser NOKUT ut tre Senter for framifrå utdanning (SFU). TVEPS er Det medisinsk-odontologiske fakultet sin kandidat.

– Ideen kom eigentleg frå Norman Anderssen, visedekan ved Det psykologiske fakultet. Me snakka om kva me er flinke til. Det er utplassering. Så snakka me om kva som mangla. Det er trening i team, fortel Bærheim.

TVEPS tek utgangspunkt i Stortingsmelding 13; Utdanning for velferd. NOKUT skriv på sine nettsider at det eine senteret som skal opprettast nettopp skal kunne knytast til denne meldinga.

– Dersom me får senterstatus, er det i utgangspunktet snakk om 60 millionar kroner over ti år, seier Bærheim.

Pengane vil verta brukt til å både kvalitetssikra det arbeidet ein allereie er i gang med, men òg til å kunne tilby fellespraksis fleire gonger i løpet av studiet.

TVEPS er kome for å verta. Men dersom me ikkje vert eit SFU, må me eksistera gjennom det økonomiske spleiselaget som allereie eksisterer, seier Bærheim.

 

 

Powered by Labrador CMS