Åse Johnsen, førsteamanuensis i spansk ved UiB, er ein av initiativtakarane til ein serie arrangement på Litteraturhuset i Bergen, der omsetjarane og deira rolle og utfordringar vert sett søkelys på. Foto: Hilde Kristin Strand

Vil visa dei som set om

Publisert

Ein må ikkje oversjå omsetjarane, meiner førsteamanuensis Åse Johnsen. Gjennom ein ny programserie på Litteraturhuset håpar ho å vera med på å løfta fram dei usynlege profesjonane.

– Svært mange tekstar er sette om, utan at ein tenkjer over det. Ein er ikkje klar over kven som gjer omsetjingsjobben, seier Åse Johnsen.

Ho er førsteamanuensis ved institutt for framandspråk, og har forska på omsetjing i mange år. I tillegg er ho statsautorisert translatør.

Tysdag går det første arrangementet om omsetjing av stabelen på Litteraturhuset. Johnsen er ein av initiativtakarane til serien «Oversatt men ikke oversett».

Originalspråket – eller ikkje
Kva er omsetjing? Spekteret er vidt, frå juridiske dokument der ein må vera sikre på at ein meiner det same, til gjendikting, der rytme og rim kanskje er vel så viktig som sjølve innhaldet. Felles er at ein alltid må ta val når ein skal setja om ein tekst frå eit språk til eit anna.

Sjølv har Johnsen forska særleg på to sider av omsetjing: litterær omsetjing, der ho no er med i eit prosjekt støtta av forskingsrådet. Prosjektet har base ved Universitetet i Oslo.

– Eg ser på om dei som set om legg att sin stil og si stemme i tekstane. Eg har òg forska på den indre prosessen som skjer når ein set om, og sett på kva endringar omsetjarane gjer når dei jobbar med ein tekst, seier Johnsen.

Mange meiner at det er best å lesa ein litterær tekst på originalspråket. Johnsen er ikkje utan vidare heilt samd.

– Nobelprisvinnar José Saramago har sagt at «forfattarane skriv nasjonallitteratur – omsetjarane skaper verdslitteraturen». Sjølvsagt er det godt å lesa på originalspråket. Men ein kan missa noko dersom ein les på originalspråket og ikkje kjenner kulturen. Kanskje kan ein få ei betre oppleving som lesar dersom ein les på sitt eige språk, seier ho.

Er fiskesuppe enkelt å laga?
– Kva er ei god omsetjing?

– Det er vanskeleg å seia noko om. Det kjem heilt an på kva ein skal bruka teksten til. Ein kan evaluera ein omsett tekst som ein norsk tekst sett i norsk kontekst, og seia at det er ein god tekst dersom han er skrive på god norsk og er tilpassa norske lesarar. Men ein kan òg sjå på omsetjinga og sjå på om ho følgjer originalteksten på ein god måte.

Å setja om tekstar handlar òg om kultur. Kva kjenner lesarane til og ikkje? Og kva konnotasjonar får dei?

– I «Sofies verden» kan ein lesa om at Sofie lagar fiskesuppe med fiskebollar. Dette er sagt å vera veldig enkelt, og ein heilt vanleg kvardagsmiddag. Men i Spania eller Frankrike er fiskesuppe sett på som alt anna enn enkelt å laga, så i den spanske versjonen av romanen er det poengtert at suppa er frå pose, fortel Johnsen.

Tysdag skal ho intervjua Lene Stokseth, som har sett om den danske serien om Dicte. TV-serien med same namn gjekk på TV2 i sommar.

– Stokseth seier at ein kjem nær karakteren når ein set om ein heil serie. Når bøkene så vert film, vert det ei anna form for omsetjing, seier Johnsen.

Inga omsetjarutdanning
I dag har ein stataautoriserte translatørar. Dei får autorisasjonen sin ved NHH, og er autoriserte til å setja om administrative, økonomiske, juridiske og tekniske dokument. Statsautoriserte tolkar får utdanninga si via Høgskolen i Oslo og Akershus. Men ei eiga omsetjarutdanning manglar i Noreg. «Omsetjar» er ikkje ein beskytta tittel, men dei som set om har no fått opphavsrett til sin eigen tekst.

– Det finst eit program i engelsk omsetjing ved Universitetet i Agder og eit masterprogram i litterær omsetjing ved UiO. Her i Bergen har me bachelorprogrammet «Språk og interkulturell kommunikasjon», som er eit samarbeid mellom UiB og NHH. Det har i seg element frå både tolking og omsetjing. Me har òg klart eit masterprogram. Det heiter Tomt, og står for tolking, omsetjing og terminologi. Men me har dessverre ikkje fått finansiering av dette, seier Johnsen.

Det er mange som set om tekst. Teiknspråktolkar kjenner dei fleste til, men ein har òg synstolkar.

– Mange svaksynte kan ha glede av å sjå film. Dei får med seg det som vert sagt, men har vanskar med å sjå biletet. Synstolkarane skildrar det som skjer, seier Johnsen.

Tekstarane er ei anna gruppe mange ikkje kjenner til. Nokre tekstar film, andre tekstar nyhende. Og nokre gongar tekstar ein på direkten.

–Ein periode gjorde ein det med «Skavlan», seier Johnsen.

Ho har spansk som spesialfelt, og vert innimellom brukt av TV2 for å setja om til dømes sportskommentarar.

– Når ein tekstar, handlar det om både tid og plass, og det handlar om kva ord ein bør bruka og ikkje. Når eg skal setja om frå spansk, er det fleire utfordringar. Spanjolar snakkar ofte fort, men det er plass til lite tekst på skjermen. I tillegg seier dei gjerne det same to gonger: «Me er veldig glade for å vinna, og det var kjekt at me vann», illustrerer Johnsen.

Arrangementet tysdag er det første av tre. I november skal mellom andre Svenn Arve Myklebost, som disputerte ved UiB i vår, fortelja om omsetjing av Shakespeare til teikneserie.

Powered by Labrador CMS