Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Christian Solheim vert truleg lektor med norsk og historie som undervisningsfag. Det var ikkje heilt det som var planen.
– Eg hadde tenkt å ta eit samfunnsfag, det var noko eg likte då eg gjekk på vidaregåande, seier Christian Solheim (23). Han er masterstudent i historie, og har i tillegg studert nordisk. Nordisk er nemleg eit fag ein kan byrja på både vår og haust. Tidlegare denne veka valdefakultetsstyret ved Det humanistiske fakultet å jobba meir med saka om bachelorgraden. Ei av problemstillingane som har vorte drøfta, er nettopp om fag skal ha opptak begge semester, og om ein skal kunne velja det Solheim gjorde: Ta fordjuping før ein byrjar på fag to. Tok det nyaste først – Men nyare historie går berre om våren, og det er då det går an å skriva bacheloroppgåve i det emnet, seier Solheim. Då han var ferdig med oppgåva, skulle han byrja på fag to i graden. – Det viste seg at eg måtte ha søkt tidleg om våren for å kunne ta eit fag ved SV, seier Solheim. Ved HF var det ikkje så mange fag å velja mellom. Ifølgje sakspapira til fakultetsstyremøtet er det historie, nordisk, religionsvitskap, arkeologi og kunsthistorie som har oppstart begge semester. – På nordisk byrja me med norrønt og dialektar, og me fekk den nye litteraturen først. Forelesaren sa at ho rekna med at studentane kunne ein del omgrep, men valde heldigvis å forklara litt ekstra sidan me var såpass mange nye, seier Solheim. – Det var mykje eg skjønte om våren som eg skulle ha skjønt til jul. Då strauk eg, legg han til. Kjenner to andre – Eg veit at det er nokre som tek spesialiseringa til slutt. Men då bør jo til dømes historie gi moglegheit til at ein kan skriva oppgåve i nyare historie om hausten òg, meiner Solheim. Han er ein av tre kameratar som enda med nordisk i staden for det dei hadde tenkt. – To av oss ville ta samfunnsfag og den siste engelsk, seier Solheim. Han reknar med å verta lektor etter endt utdanning. – Eg hadde ikkje tenkt å verta lærar i utgangspunktet. Men det er planen no, og eg vurderer òg å ta eit ekstra undervisningsfag etter at eg har levert masteroppgåva. Samstundes vert det jo mange studieår dersom eg gjer det – det er jo berre nordisk som har integrert lektorutdanning.
Både historie og nordisk har opptak begge semester.
I fakultetsstyret sa Gisle Selnes, som representerer LLE, at han ikkje ville gå med på at eit viktig premiss er at ein skal kunne ta spesialiseringa i fjerde semester. I vedtaket heiter det at ein skal vurdera moglegheitene for å legga betre til rette for studentar som ønskjer å ta 60 studiepoeng i eitt fag i tillegg til spesialiseringa.