Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Vinnaren av Falchs seniorpris 2011, professor og overlege Ole Erik, Iversen, ser føre seg Noreg som eit internasjonalt forskingslaboratorium.
I dag vart professor og overlege Ole Erik Iversen tildelt Falchs seniorpris 2011. Prisen er på 250 000 kroner og blir tildelt Iversen mellom anna for hans innsats for å gjennomføre kliniske utprøvingsstudier og å fronte forskingsbasert klinisk praksis. Han meiner at den medisinske forskinga ikkje fullt ut har utnytta landet sitt potensiale. – Eg seier som den amerikanske visepresidenten; vi kan konkurrere over vår vektklasse, seier Iversen. – Store moglegheiter – Spørsmålet er kva som skjer når dei nyutvikla medisinane møter kvardagen. Ein del av medisinane har berre vore testa ut på to prosent av dei aktuelle brukarane. Vi veit ikkje om dei er like gode for dei resterande 98 prosentane. Medisinane sin generaliserbarheit bør alltid etterprøvast, seier han. Brenn for forsking Sjølv oppsummerer han diskusjonen kring prioritering av forsking enkelt: – Utan god klinisk forsking, får vi ikkje god klinisk medisin. Den gode kliniske medisinen har Iversen aktivt bidrege til å profilere i media. For han er pasientane hovudårsaka til formidlinga. – Pasientar har mange spørsmål, og jo meir grunnleggjande kunnskapar det finst i befolkninga, dess lettare er det å ta begrunna val. Formidling gjer pasientmedverknad mogleg, seier han. – Uredd samfunnsdebattant – Ole Erik Iversen står uredd fram i media for å forsvare forskingsbasert praksis. Når det dukkar opp udokumenterbare påstander i mediene, let mange det stå uimotsagt. Det gjer ikkje han. Han tør å delta i samfunnsdebatten også når det gjeld følsomme tema, som abort og vaksine mot livmorhalskreft, seier ho.
Iversen framhevar dei nasjonale registra som unikt forskingsmateriale, og meiner at registra og befolkninga gjer Noreg perfekt for fase 4-studier, studier der ein etterprøver bruken av det som gjerne er kostbare medisinar.
Prisvinnaren sjølv har eit brennande engasjement for forsking, men han har opplevd vinden blåse i fleire retningar etter at han tok til som student for 41 år sidan. Til tider har føringane for å bruke tid på forsking vore sterke, men han har også opplevd motbakkar. Ifølge Iversen tapte den medisinske forskinga i Noreg ti år i tempo den tida det å ta doktorgrad innan medisin ikkje vart verdsett.
Nettopp Iversen sitt engasjement og aktive forskingsformidling vert framheva av dekana ved Det medisinsk-odontologiske fakultet, Nina Langeland. Ho set stor pris på at prisvinnaren har mot til å diskutere følsomme tema både med kollegaer og i mediene.