Visjonslaust om utdanningsbyen

Publisert

Det vart mykje snakk om finansiering, men få langsiktige idear for utdanningsbyen Bergen, då partia møttest til debatt på Kvarteret torsdag kveld.

Den mest oppsiktsvekkande tanken kom frå Arne Sortevik frå FrP, som meinte at det vil vere naturleg om UiB, Høgskulen og NHH i framtida slår seg i hop.

– Vi treng større og kraftigare einingar for å klare oss i konkurransen, hevda han.

Dei andre partia var derimot usamde og meinte at dei tre institusjonane er for ulike, og vil ha meir å tene på å byggje nettverk med liknande miljø internasjonalt.

Det var NSU, Studentersamfunnet og Studentradioen som arrangerte debatten på Kvarteret torsdag kveld. Emnet var utdannings- og forskingsbyen Bergen, og alle dei største partia, bortsett frå KrF, var representerte. Alle var samde om at utdanning og forsking er viktig, men elles var det langt mellom dei konkrete framlegga.

Meir pengar

Opposisjonspartia var samstemmige i kravet om meir pengar til studie- og forskingsfinansiering. Særleg FrP og RV var klare til å skru kranene til oljefondet på vidt gap.

– Vi må ha ein truverdig finansieringsmodell der staten må vere lokomotiv. Regjeringa forventar for mykje av privat sektor, meinte Sortevik, med referanse til forskingsmeldinga der det er lagt opp til at ein stor del av forskingsfinansieringa skal kome frå næringslivet.

– Forsking er eit offentleg ansvar, og det vil gje meir tilbake til næringslivet i det lange løp enn dei vil få gjennom skatte- og avgiftslettingar som regjeringa ønskjer seg, meinte Audun Lysbakken frå SV

– Kva med fag som ikkje gjev nyttegevinst for næringslivet? undra redaktør i Studentradioen Kristian Ervik, som leia møtet.

– Institusjonane må ha moglegheit til å oppretthalde slike fag innanfor rammene sine, sa Rune Skjælaaen frå SP, som likevel vedgjekk at hungeren etter raske resultat er generelt stor.


Eksporterer arbeidskraft

Alle partia meinte at Bergen treng fleire studentbustader for å framstå som ein attraktiv utdanningsby.

– Gode bustader, god og billeg kollektivtrafikk, og rikeleg med kultur er dei tinga byen Bergen må tilby for å trekke studentar, hevda Lars Henrik Michelsen frå Venstre.

– Den viktigaste utfordringa er hjerneflukta. Bergen er allereie ein triveleg by å studere i. Problemet er at vi eksporterer ferdig utdanna arbeidskraft til Oslo, meinte Lysbakken.

Harald Victor Hove frå Høgre etterlyste satsing på gründerverksemd, og betre rammevilkår for nystarta bedrifter, medan Skjælaaen meinte at ein må bli flinkare til å leggje statlege arbeidsplassar og kompetansemiljø utanfor Oslo.

– Dessutan treng vi fleire stipendiatstillingar, sa han.

– Vi må jobbe for ein sterk vestlandsregion som kan bli ei motvekt mot osloregionen, både når det gjeld byutvikling og fordeling av statlege arbeidsplassar, meinte Lysbakken, som etterlyste meir utradisjonell tenking frå næringslivet i Bergen.


Usemje om midlertidige jobbar

Men politikarane hadde få konkrete svar på korleis politikarar og næringsliv i Bergensområdet kan gå fram for å styrke samarbeidet med utdanningsinstitusjonane, og opne arbeidsmarknaden i byen for nyutdanna akademikarar.

– Det må bli like naturleg for nyutdanna å skape arbeidsplassen sin som å søke på han. Til det trengst ytingar som sjukepengar, rentefritak i etableringsperioden og liknande, meinte Michelsen, som også forsvarte bruk av midlertidige tilsettingar.

– Ein midlertidig jobb gjev i alle fall erfaring, og det er betre enn ingen jobb.

– Det er viktigare å skape nye faste arbeidsplassar. Midlertidige tilsettingar fører berre til færre faste jobbar, og det skapar stress og økonomisk utryggleik, parerte Eirik Aarek frå AP.

Powered by Labrador CMS