Von Achen ny museumsdirektør

Publisert

Henrik von Achen skulle berre forska og kosa seg dei 12 siste åra av yrkeslivet. Det vart ikkje heilt slik.

1. januar har Henrik von Achen vore tilsett ved Universitetsmuseet i 26 år. I løpet av dei 26 åra har han berre hatt ein einaste forskingstermin. Den andre skulle han ha frå nyttår. Men i staden har han no vorte tilsett som direktør for museet. Stillingen er eit åremål på fire år.

Historia er kjent: Den temmeleg nytilsette museumsdirektøren Christoffer Schander døydde brått i vår. 1. mars vart von Achen konstituert i stillinga som direktør.

Ville ikkje svikta
– Du søkte ikkje jobben då Schander vart tilsett?

– Nei, eg gjorde ikkje det. I løpet av dei åra eg har vore her, har eg hatt mange administrative oppgåver. No har eg 12 år att av yrkeslivet, og tanken var at eg berre skulle forska og kosa meg. Men organisasjonen treng ikkje uroa, og eg hadde på sett og vis kjent på at eg hadde svikta dersom eg hadde prioritert eigne gode dagar, seier von Achen.

– Og det er spanande å få vera med på å påverka utviklinga av ein organisasjon ein er glad i, saman med gode kollegaer, legg han til.

I møtet i slutten av november valde universitetsstyret å kalla von Achen til stillingen. Universitets- og høgskulelova opnar for at ein kan gjera det når særlege grunnar ligg til grunn.

– Mitt forslag var at stillinga skulle lysast ut. Men samstudes skjønar eg kvifor styret ikkje ville gjera det. I denne jobben treng ein nokon som har professorkompetanse, røynsle frå museumsarbeid og administrativ røynsle. Det er ikkje så mange som har alle desse tre, seier von Achen.

– Disponert for formidling
Direktøren er oppteken av tre f-ar: Dei tilsette ved Universitetsmuseet skal forska, forvalta samlingane og formidla.

– Ein kan ikkje neglisjera ein av desse tre utan at museet tek skade på sjela av det, seier han bestemt.

Han meiner at dei som er tilsett ved museet gjerne kan vera disponert for og ha eit varmt forhold til formidling.

– Det er få ting som er meir fagleg krevjande enn å skriva ein kort tekst utan framandord som alle kan skjøna. Me kan alle skriva ein tekst med 36 fotnotar i akademisk sjargong, meiner von Achen.

Direktøren ønskjer at museet skal vekkja kunnskap – men òg at kunnskap skal oppstå i samspel med publikum.

– Me vil gjerne vera motkulturelle. Ei utstilling i høve grunnlovsjubileet skal absolutt ikkje berre innehalda flagg og barnetog, men og spørsmål som «kvifor står det slik og slik, kva betyr det, korleis burde ei grunnlov sjå ut i dag?». Utstillingar skal få ein til å reflektera og forstå, seier von Achen.

Samstundes er han oppteken av at det ikkje berre er tilsette ved UiB som kan noko.

– Ta til dømes kvinner frå Sunnfjord som er her for å sjå på draktsamlingane våre. Dei har ein enorm spesialkompetanse, som eg som er professor i kunsthistorie ikkje har.

Henrik von Achen er tilsett som direktør for Universitetsmuseet i fire år. Her er han i Christie-rommet. – Eg sit jo i Christie sin stol, seier von Achen. Foto: Hilde Kristin Strand

Opptenningsved
Universitetsmuseet er no midt i ein omstillingsprosess.

– Den gir høve til eit omfattande og reflektert blikk på oss sjølve og kva me skal. Det handlar om organisasjonsstruktur, bemanningsplan og forskingsstrategi. Men det betyr ikkje at nokon skal flyttast eller få nye oppgåver, det handlar meir om å reindyrka kompetansen. Det er i utgangspunktet ingen grunn til at eg som er professor òg skal vera god i samlingsforvaltning, seier von Achen.

Han understrekar at museet ikkje er ein miserabel organisasjon som må reddast frå seg sjølv.

– Me vil forenkla og profesjonalisera, men ikkje drepa sjela. Når gnisten er tent, må det vera opptenningsved i nærleiken slik at det kan verta eit bål, seier han.

Vil ikkje ha rapport frå 118
Universitetsmuseet har 118 tilsette. Den nye direktøren er oppteken av at leiing er ein balanse mellom å styra og å lytta.

– Ein leiar skal visa retning, men ein skal òg serva dei tilsette – ikkje herska vilt og uhemma. Me har mange flinke folk med stor kompetanse, og noko av mi oppgåve vert å legga til rette for meir og betre forsking, betre forvaltning av samlingane og meir og betre formidling. Me er gode, men kan verta betre.

Sjølv om professoren har vore ved museet sidan 1980-talet, vil han no vita meir om korleis dei som har arbeidsplass ved dei naturhistoriske samlingane jobbar.

– I tillegg må eg sjå litt nærare på kva det er ein direktør faktisk gjer. Kven er det som skal rapportera til meg? Alle 118 kan ikkje gjera det.

Toppen av isfjellet
Intervjuet vert avbrote. Nokre nye skap som skal romma medaljesamlinga skal inn, og å flytta tunge ting er ikkje så enkelt i eit bygg frå 1927.

Det ordnar seg. Men større delar av samlingane skal og er på flyttefot.

– Me samlar gjenstandar i magasin i fjell. Dette gjer me både fordi det er betre for gjenstandane å vera der, men òg fordi det er meir rasjonelt.

– Dette betyr at de har mange ting ein aldri ser når ein besøkjer museet?

– Du ser berre toppen av isfjellet. Me har store samlingar. Ein del av gjenstandane toler ikkje å stå framme, og ein del er først og fremst råmateriale for forsking og formidling. Dessutan er dei ein materiell bit av vår nasjonale hugs.

Museumsprosjekt 2014 inneber at bygningen på Museplass 3 skal tømmast.

– Korleis flyttar ein ein elefant?

– Det er ein omfattande prosess. Me kan ikkje flytta femti gamle porselensskåler og så rekna med at tre skal gå i knas, humrar von Achen.

Powered by Labrador CMS