Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Utdannings- og forskingsdepartementet (UFD) vurderer lov om forskingsetiske komitéar og oppretting av nytt nasjonalt utval for uheiderleg forsking.
Saka er no ute til høyring, og dei ulike fagmiljøa ved UiB har frist til 15.oktober til å komme med innspel.
UFD vurderer å opprette eit nasjonalt utval som skal handsame saker om uheiderleg forsking (Uredelighetsutvalget). I forslaget er det lagt opp til å halde på dei eksisterande regionale og forskingsetiske komitéane og slå fast mandat og arbeidsformer i ei eiga lov.
Det nye Uredelighetsutvalget skal i følgje framlegget frå UFD berre kome med uttalingar og ikkje fatte vedtak i saker som blir sendt inn frå enkeltpersonar eller institusjonar. Omgrepet ”vitenskapelig uredelighet” er definert som ”forfalsking, fabrikkering, plagiering og andre alvorlige brudd med god vitenskapelig praksis som er begått forsettlig eller grovt uaktsomt.” Departementet ønskjer vurderingar av denne definisjonen.
I lovforslaget er det lagt opp til at uttalingane frå Uredelighetsutvalget ikkje skal kunne påklagast, bortsett frå klage over sakshandsaming eller manglande habilitet.
Universitetet i Bergen oppretta i 2000 eit eige forskingsetisk utval for å handsame saker om påstått uheiderleg forsking. Utvalet handsama fire saker i 2002-2003. Sakene omhandla i korte trekk manglande kreditering av annan forskar, uklare relasjonar mellom rettleiar og doktorgradsstipendiat, plagiat og avskrift.