Rektor Dag Rune Olsen innleiar Arendalsuka med tre dagars seilas frå Bergen. Statsraad Lemkuhl skal som i fjor vere base for UiBs arrangement. Foto: Knut Egil Wang

UiB på Arendalsuka: Rektor i riggen – med slips om nødvendig

«Hvordan kutte jobbrelaterte flyreiser»? spør Senter for klima- og energiomstilling under Arendalsuka i august. I år tar rektor sjøvegen.

Publisert

12.-17. august går nok ein gong Arendalsuka av stabelen – der «aktører innenfor politikk, samfunns- og næringsliv møter hverandre og folk, for debatt og utforming av politikk for nåtid og framtid», som arrangøren sjølv formulerer det. For dei store og gamle – NTNU, Universitet i Oslo (UiO) og Universitetet i Bergen (UiB) – er arrangementet for lengst blitt ein fast post. Dei stiller alle med skip til kai i Pollen og omfattande program.

Arendalsuka

Blir arrangert for 8. gong i 2019.

Ei rad forskings- og utdanningsinstitusjonar har arrangement. Blant dei er Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen, NTNU, Universitetet i Agder, Universitetet i Tromsø, Universitetet i Tromsø, Havforskningsinstituttet og Høgskulen på Vestlandet.

Arendalsuka hadde 70 000 besøkande på meir enn 1000 arrangement i 2018. Av desse var rundt 100 i regi av universitet og høgskular.

I år som i fjor blir «Statsraad Lemkuhl» base for UiBs arrangement. Men i år skal skipet, i tillegg til å ligge ved kai i Pollen i Arendal, segle frå Bergen med med rundt 80 passasjerer. Cirka 20 er frå universitetet, eit par er politikarar, og resten frå næringslivet.

Dejlig på dekk

Om bord skal direktør for Bjerknessenteret for klimaforskning, Tore Furevik presentere klimautfordringar, medan leiar for havvindsenteret ved UiB, Finn Gunnar Nilsen og representantar frå energikonsernet BKK skal diskutere framtidas energi.

Framme i Arendal held Bjerknessenteret fram i same lei, med «Det er dejlig å være vindmølle i Danmark» på stordekket måndag. Der stiller både Noregs miljøminister Ola Elvestuen og den danske klimaministeren.

Det blir også plass til arrangement om «det flerspråklige gullet», mat frå havet og uredelighetsbingo frå retorikkpolitiet.

Same nivå som 2018

UiB opplyser at dei kjem til satse omtrent på same nivå som i 2018. Då budsjetterte UiB med ca. 300 000 kroner, utanom leige av stand, møtelokale, reise- og overnattingsutgifter. I tillegg kjem òg tidsbruken til UiB-tilsette.

Leige av skipet er gjort i spleiselag med fleire andre aktørar, blant dei energikonsernet BKK. BKK er den nylege avgåtte UiB-lobbyisten Rune Indrøys nye arbeidsgivar.

UiB trappa opp satsinga på Arendalsuka 2018, då budsjettet vart om lag sjudobla i forhold til året før. I fjor reiste 38 medarbeidarar og utgiftene enda på 700 000, av dette 160 000 i reiseutgifter.

Korleis kutte fly

Senter for klima- og energiomstilling (CET) ved UiB kjem truleg til å treffe mange heime med arrangementet «Klimaomstilt og virksom – hvordan kutte jobbrelaterte flyreiser?». CET skal arrangere debatt om emnet og i tillegg lansere CO2-kalkulator for jobbreiser.

UiB-rektor Dag Rune Olsen, som på grunn av sitt rekordhøge klimagassutslepp har figurert som klimaversting blant universitetsrektorane, kan denne gongen ha godt samvit. Han er på mannskapslista til Statsraaden.

Olsen seier han er klar for hundevakta. Og for å klatre i riggen.

— Med slips, om nødvendig.

Powered by Labrador CMS