Gard Aasmund Skulstad Johanson ønskjer å få i hamn dei sakene han har vore med på å vedta. Foto: Hilde Kristin Strand

Dei ønskjer seg eitt år til som student-toppar

Eitt år er for kort tid til å få gjennomslag, seier Gard Aasmund Skulstad Johanson. Han stiller til val som studentrepresentant til universitetsstyret for andre år på rad. Det same gjer Lise Carlsen.

Publisert Sist oppdatert

— Eg har sagt mykje, truleg til Dag Rune (Olsen, rektor journ.anm) sin frustrasjon av og til, humrar Gard Aasmund Skulstad Johanson.

Han er inne i sitt første år som studentrepresentant i universitetsstyret ved Universitetet i Bergen. No stiller han til val igjen.

Desse stiller til val

Lise Carlsen
Cora Gabrielle Møller Jensen
Anni Karin Rambekog
Erlend Grønvold
Gard Aasmund Skulstad Johanson
Stian Torset

Satsar på varaplass

— Eitt år er for lite for å få gjennomslag, meiner Johanson.

Han viser til at det er fleire saker der det har vore gjort vedtak i styret dette studieåret, men der sakene skal følgjast opp av nye styresaker, truleg til hausten.

— Eg gjekk til val på større klimaambisjonar, meir alternative vurderingsformer og fleire praksisplassar. Desse sakene ønskjer eg å dra i hamn. Dette er dessutan det siste året til rektoratet og resten av styret, så det er ikkje no me lanserer dei nye store sakene i styret. Det er no me dreg i hamn dei sakene me har fått gjennomslag for og sikrar at dei faktisk vert gjennomførte, seier Johanson.

I dag sit han i universitetsstyret saman med Lise Carlsen. Ho stiller òg til val ein gong til, men seier at ho gjer det av valmessige årsaker.

Gard Aasmund Skulstad Johanson og Lise Carlsen har site trekvart studieår i universitetsstyret. Begge stiller til val på nytt. Foto: Hilde Kristin Strand

— Det har vore veldig gøy og lærerikt å sitja i styret, men eg veit at neste studieår kjem til å verta meir travelt og at eg dessverre ikkje får tid til å ha vervet eit år til, seier jusstudent Carlsen.

Neste vår skal ho dessutan på utveksling.

Når ho likevel stiller er det for å få merksemd kring valet, og seier ho synest det er bra at fire kvinner no stiller til val.

— Eg satsar på ein varaplass, seier ho.

I par med Cora Jensen

Johanson er medisinstudent. No skal han ha praksis, men har fått ha den i Bergen sidan han er styremedlem.

Det er ikkje open access-artiklar som vert trykt i Bergens Tidende.

Gard Aasmund Skulstad Johanson

— Og sidan styrevervet er honorert, treng ein ikkje ha annan jobb i tillegg. Då let det seg gjera å kombinera å vera student med å sitja i styret, seier Johanson, som førre semester hadde permisjon frå medisinstudiet. Då tok han fag ved Det humanistiske fakultetet i staden.

Nettopp humaniora-fag er ei av sakene han er oppteken av.

— Det kjem ei styringsmelding der ein skal sjå på finansieringssystemet. Det handlar mellom anna om dei små HF-faga. Mange ser ikkje verdien av humaniora, seier Johanson.

Andre saker han meiner er viktige det komande studieåret er Aune-utvalet sitt forslag til ny universitets- og høgskulelov og mangfald og inkludering.

— Eg meiner UiB har gjort for lite for å tilsetja menneske med hol i CV-en, seier Johanson.

Han stiller i par med Cora Jensen til styret. Dei har vore saker på si valplattform:

  • klima
  • variert vurdering
  • betre lesesalsplassar
  • betre praksis

I tillegg er Johanson oppteken av formidling, og meiner at akademia kan og bør vera ein premissleverandør for samfunnsdebatten.

— Det er ikkje open access-artiklar som vert trykt i Bergens Tidende.

Gard Johanson og Cora Jensen stiller i par til universitetsstyre-valet. Foto: Privat

Trohjell vil verta student igjen

Også Andreas Trohjell stilte til val til universitetsstyret. Men onsdag kveld sendte han ein epost til valstyret der han fortel at han trekkjer seg. Han er i dag leiar for Studentparlamentet ved UiB – samt vara til styret.

Andreas Trohjell stiller som kandidat til universitetsstyret. Foto: Silje Katrine Robinson

I eposten skriv Trohjell at den eskalerte situasjonen rundt koronaviruset dei siste dagane har gjort at han har revurdert kandidaturet sitt.

— I tiden framover ønskjer eg å vera ein studentleiar for alle studentar ved Universitetet i Bergen, og ikkje ein studentleiar på val ved eige universitet, skriv Trohjell.

Trohjell har i fleire år hatt permisjon frå masterplassen sin i matematikk. Men neste studieår er planen å nytta den.

— Eg stiller ikkje til Studentparlamentet ein gong til. Eg har tenkt å verta student igjen.

Erlend Grønvold har òg site i styret tidlegare. Han stilte vil gjenval i fjor, men kom ikkje inn på fast plass.

(Saka er oppdatert 11.mars kl 20.47 med informasjon om at Trohjell trekkjer seg)

Powered by Labrador CMS