Helge Drange, profilert klimaforskar, står i spissen for eit opprop frå tilsette ved Universitetet i Bergen. Målet er å påverke universitetsleiinga til klimatiltak og kutte utslepp knytt til flyreiser. Her flankert av Helge Bjørlo (t.v.) , Ida Fauskanger og Gunnar Kvåle. Foto: Njord V. Svendsen

Klimaforskar frontar opprop på UiB

Klima. — Vi har svikta fundamentalt. Om ikkje vi skal vise veg, kven skal då gjere det?

Publisert Sist oppdatert

Det er professor Helge Drange, profilert klimaforskar ved Bjerknessenteret og Universitetet i Bergen (UiB) som stiller det retoriske spørsmålet. No stiller han seg i spissen for eit felles opprop frå vitskapeleg og administrativt tilsette ved universitetet.

Klima i akademia

Klimaoppropet ved UiB er ein underskriftkampanje starta av tilsette ved UiB. Målet er å få universitetet til å halvere utslepp frå flyreiser innan 2025.

Oppropet etterlyser ein tiltaksplan for å redusere samla utslepp frå universitetet, og «som også stimulerer hver enkelt av oss til å handle klimapolitisk ansvarlig i den akademiske hverdagen, og som vil kunne stå som eksempel for andre virksomheter i samfunnet».

Ved Universitetet i Oslo har eit liknande opprop samla meir enn 600 underskrifter. Også i andre land, blant anna Danmark har akademikarar starta kampanjar.

NTNU har lansert Reiseløftet, som blir kalla «tidenes reiseutfordring» for å få heile universitetet til å reise mindre og meir miljøvennleg.

Både UiB, NTNU og UiO skal før sommaren legge fram detaljerte klimarekneskap der utslepp frå flyreiser er inkludert. Flyreiser er den klart største kjelda til klimagassutslepp frå universiteta.

Målet er å påverke universitetsleiinga til å gjennomføre meir drastiske klimatiltak og kutte utslepp frå tilsette sine flyreiser. Hovudkravet er halvering av klimagassutslepp frå flyreiser innan 2025.

— Spesielt ansvar

— Eg er genuint bekymra for situasjonen. Då kan eg ikkje berre stå på ein talarstol og fortelje om elendet, og samstundes lukke auga for våre eigne klimagassutslepp. Det handlar om truverdet til universitetet og truverdet til oss som forskarar. UiB er ein spydspiss blant lærestadene, det gjer at vi har eit spesielt ansvar. Om ikkje vi skal vise veg, kven skal då gjere det? Her har vi svikta fundamentalt, seier Drange.

Det handlar om truverdet til universitetet og truverdet til oss som forskarar

Helge Drange

Blant dei andre som står bak oppropet er Vigdis Vandvik, biologiprofessor og direktør ved bioCEED, og professor emeritus i internasjonal helse, Gunnar Kvåle. Frå den administrative sida kjem Helge Bjørlo og Ida Fauskanger, som tidlegare har vore inolvert i fagforeininga NTLs vedtak om å kutte styresminar i utlandet og krav om å gire opp innsatsen for det grøne skiftet ved UiB.

Følgjer etter Oslo

Universitetet i Oslo har alt hatt ein underskriftkampanje gåande ei tid, med det same kravet - halvering av utslepp knytt til flyreiser. Til no har 600 signert.

UiB-leiinga har signalisert at det alt i april kan komme forslag til nye retningslinjer for reising på bordet til universitetsstyret. Då er det venta at regulering av flyreiser står sentralt, sidan dette utgjer den største kjelda til universitets samla klimafotavtrykk. Gunnar Kvåle, som i lang tid har engasjert seg sterkt i klimasaka, trur oppropet då kan bli ein slagkraftig beskjed frå dei tilsette.

— Mange av mine faglege kollegaer, som er avhengig av å reise i arbeidet sitt med internasjonal helse, seier at dei er glade for initiativet og at det er på tide å ta grep, seier Kvåle.

Vil ha offensiv tiltaksplan

I oppropet, som etterlyser ein «offensiv tiltaksplan», blir det peikt på at UiB profilerer seg som eit leiande universitet i arbeidet for FNs berekraftmål. «UiB profilerer seg som Norges ledende universitet i arbeidet for FNs bærekraftmål. Rektor har satt som mål at UiB skal være klimanøytralt innen 2030. Vi vet at utslippene fra flyreiser har økt og utgjør en stor del av UiBs klimafotavtrykk. I det videre arbeid med den strategiske planen ved UiB må det legges større vekt på klima og bærekraftig drift».

— Dette betyr ikkje at vi skal slutte å reise, eller at vi ikkje skal ha noko avtrykk. Men saman må vi redusere summen, seier Helge Drange.

Powered by Labrador CMS