Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Juni 2019 fekk Noreg sitt aller første biosfæreområde, i Nordhordland. Universitetet i Bergen er med og styrer arbeidet, og har jobba med dette i åtte månadar no. Nyleg gjekk dei ut med ei undersøking for å høyra korleis folk i Nordhordland bruker naturen.
— Vi ønskjer at folk i Nordhordland fortel oss kva som er viktige naturområde for dei og kvifor, slik at vi betre kan tilrettelegga for god berekraftig utvikling for alle, seier Inger Elisabeth Måren, som har UNESCO Chair-stilling ved UiB, til avisa Bygdanytt om undersøkinga.
For åtte månader sidan var Peter Emil Kaland, professor emeritus ved UiB, og ei rekke andre frå prosjektet i Paris der dei møtte UNESCO for å offisielt få eit biosfæreområde til Nordhordland.
— Det fyrste vi sette i gang var arbeidet med å laga ein strategiplan, fortel Kaland, som har jobba med dette sidan 1995.
Les også: Noreg får sitt første biosfæreområde.
Dei fekk eit konsulentselskap til å ta seg av oppgåva, og gjekk ut for å møta lokalbefolkninga i området som strekkjer seg frå Bergen til Sognefjorden og omfattar over 55.000 innbyggjarar. UiB har vore med på alle møta.
— Tilbakemeldingane på desse møta har vore fantastisk. Eg opplever at lokalsamfunnet verkeleg er interessert i arbeidet, seier Kaland.
Dei har jakta på innspel til kva dei skal ha i strategiplanen for å klargjera kva dei skal gjera i biosfæreområdet framover, blant anna.
— Dei vi har snakka med har vore veldig interesserte i å bidra. No sende vi ein omfattande søknad med mykje informasjon før tildelinga. Strategirapporten vil bli kortare og meir konkret. Om ein månads tid skal denne ut på høyring til alle kommunane som er involverte, forklarer han.
Kaland har som nemnt jobba med dette prosjektet sidan 1995. Det har blitt fleire avslag og lite støtte frå norske myndigheiter, før dei i 2010 fekk eit gjennombrot då UNESCO sjølv meinte det var på tide at Noreg fekk eit biosfæreområde. No er Kaland 77 år og på veg ut av prosjektet.
Peter Emil Kaland, professor emeritus
— Eg har gjort mitt. Eg har jobba med dette dei siste seks åra medan eg har vore pensjonist. No er det på tide at ungdommen slepper til, humrar veteranen.
Nordhordland UNESCO Biosfæreområde blir også eit tema på SDG-konferansen ved Universitetet i Bergen. Onsdag klokka 15 har dei ein workshop på Kvarteret der dei skal diskutere moglegheitene og utfordringane for berekraftig utvikling i Nordhordland.