— Sjølvsensuren er godt kjend i Fastlands-Kina, og noko vi fryktar skal forplante seg til Hongkong, seier Amnestys kinaekspert, Gerald Folkvord.

Fryktar for akademisk fridom i Hongkong — UiB har samarbeid med seks universitet

Den kinesiske folkekongressens forslag til nasjonal sikkerheitslov kan setje den akademiske fridomen i spel, meiner ekspertar.

Publisert

— Det er grunn til å vere bekymra på mange plan, også for den akademiske fridomen, seier professor ved Institutt for fredsforsking (PRIO), Stein Tønnesson, til Khrono.

UiBs utvekslingsavtaler i Hongkong

Universitetet i Bergen har samarbeidsavtalar med seks universitet i Hong Kong:

Hong Kong Baptist University,

Hong Kong University of Science and Technology, The Chinese University of Hong Kong, The University of Hong Kong, Hong Kong Design Institute og

City University of Hong Kong

Gerald Folkvord, Amnesty Internationals Kina-ekspert i Noreg, er ikkje mindre tydeleg.

— Sikkerheitslova vil vere farleg for akademikarar og studentar som vågar å stille spørsmål. Den nye lova gir styresmaktene i Beijing høve til å gå forbi Hongkongs styresmakter – noko som i høgste grad kan ramme akademikarar. Dei som blir mest direkte ramma er gjerne journalistar og til dels advokatar, men dette kan også komme til å gå utover akademikarar.

Det blir i nær framtid opp til det ståande utvalet i Folkekongressen å vedta den nye sikkerheitslova for Hongkong, som mellom anna skal hindre terrorisme, oppvigling og undergraving av sentrale styresmakter. Kritikarane fryktar lova vil bli brukt til å stramme inn på ytringsfridomen og andre særrettar Hongkong har etter lausrivinga frå Storbritannia i 1997.

Utanrikspolitikk og sikkerheitspolitikk ligg ikkje under Hongkongs lokale styre, og det er noko av grunngivinga for lova frå lovgivarane frå Beijings side.

Glidande overgangar

Postdoktor ved Universitetet i Bergen og seniorforskar ved NUPI, Hans Jørgen Gåsemyr, er meir avventande til kva konsekvensar sikkerheitslova kan få for den akademiske sektoren.

— Det er vanskeleg å seie kva konkrete konsekvensar vi vil sjå. På den eine sida kan ein sjå det som ein tydeleg, symbolsk bodskap om sterkare inngrep på bakgrunn av uroa i fjor. På den andre sida grip det inn i Hongkongs politikk på eit område der det ikkje har vore sjølvstyre, og der ein ikkje har hatt eit apparat for å handtere truslar i samanheng med internasjonale forhold. Ein vil flytte grenser, men i kor stor grad er vanskeleg å seie, meiner Gåsemyr.

Hans Jørgen Gåsemyr, forskar ved UiB og NUPI. Foto: Christopher Olssøn.

Han seier lova i utgangspunktet ikkje grip inn i den akademiske fridomen, men at det sjølvsagt kan bli glidande overgangar i det lovtekstane skal tolkast.

— Men det treng absolutt ikkje bli slik at alle sivile rettar blir feia under teppet. Hongkong har mange robuste institusjonar, ikkje minst universiteta, som vil vere med å bestemme på kva område lova skal gjelde, seier Gåsemyr.

Fleire norske forskings- og utdanningsinstitusjonar, og enkeltforskarar, har avtalar og samarbeid med universitet i Hongkong. Universitetet i Bergen (UiB), som tar mål av seg til å vere leiande i akademisk kinasamarbeid i Noreg, har åleine avtale med seks universitet i Hongkong. Det er nær halvparten av avtalane med Kina totalt sett. Hongkong har også vore ein av dei mest populære stadene for studentutveksling i Kina.

Gåsemyr var i 2016 rådgivar for UiB-leiinga i arbeidet med utviklinga av handlingsplanen for samarbeid med Kina.

I fjor førte uro i Hongkong til at norske utdanningsinstitusjonar henta heim studentar og avlyste all utveksling. I november eskalerte valden og opptil tusen demonstrantar barrikaderte seg på det polytekniske universitetet i Hongkong (PolyU), medan politi omringa universitetet med tåregass og våpen.

Bakgrunnen den gong var eit anna lovforslag, som opna for å utlevere og rettsforfølgje borgarar frå Hongkong i Fastlands-Kina, noko som utløyste massive protestar med opptil sju millionar menneske i gatene.

Korleis nye lover og utviklinga påverkar akademisk samarbeid er førebels uvisst, men Amnestys Gerald Folkvord fryktar det verste for dei lokale i Hongkong.

Fryktar sjølvsensur

Han viser til at det i Fastlands-Kina er farefullt for akademikarar og studentar å uttale seg kritisk til regimet, og peikar på uigur-aktivisten og professoren Ilham Tohti som er fengsla på livstid i Kina for «separatistisk agitasjon».

— Kina har sidan 2015 hatt ei liknande lov som den ein ser for seg i Hongkong. Den blir brukt meir eller mindre vilkårleg – det finst ikkje eit uavhengig rettssystem, seier Folkvord.

Han er mest uroa for den stille sensuren, at akademikarar og andre blir tvinga til å vere tause fordi det blir eit sjansespel.

— Denne sjølvsensuren er godt kjend i Fastlands-Kina, og noko vi fryktar skal forplante seg til Hongkong.

I dag, på 31-årsdagen for massakren på Den himmelske freds plass, understrekar han at situasjonen i Hongkong er svært forskjellig frå den i Beijing i 1989.

— Ein viktig forskjell er at protestene i 1989 aldri nådde det breie lag av folket. Styresmaktene lykkast med å spinne ei historie om at det var dei privilegerte studentane som stod bak, som berre demonstrerte for endå fleire privilegium. I Hongkong demonstrerer breie lag av befolkninga, med studentar og akademikarar i spissen, seier Folkvord.

Ein rapport frå «Progressive Scholars Group» i Hongkong konkluderte tidlegare i år med at 2019 var «det verste året så langt for akademisk fridom i Hongkong».

Utfordrar juristane

Stein Tønneson trur det kan bli eksplosivt i Hongkong i tida framover. Årsmarkeringane etter fjorårets demokratidemonstrasjonar i Hongkong kjem til å komme tett framover.

— Det som er heilt sikkert, er at det vil bli markeringar av demonstrasjonane i Hongkong juni i fjor, seier Tønneson.

NUPI-professor Stein Tønnesson meiner endringar i rettsystemet kan føre til utfordringar for akademisk fridom.

Desse demonstrasjonane fall saman med fjorårets 30-årsmarkering for dei som vart drepne då hæren var sett inn mot demonstrantane i Beijing 4. juni 1989. 180 000 menneske møtte i Victoria-parken i Hongkong i 2019 for å minnast ofra. I år har styresmaktene lagt ned forbod mot markeringar, grunngitt med covid-19. Hongkong er den einaste staden på kinesisk territorium der det har vore lov å halde slike markeringar.

Ifølge Tønneson er det rettssystemet i Hongkong som no i første gong blir utfordra med den nye sikkerheitslova.

— Dei første spenningane knyter seg til korleis befolkninga vil reagere, dernest kjem turen til rettssystemet – og etter kvart også til universiteta som utdannar juristane. Jussutdanninga i Hongkong kan dermed komme til å bli svært viktig, og eit område der den akademiske fridomen kan bli sett under press.

Powered by Labrador CMS