Ragnhild Lie Anderson utdanna seg først til allmennlærar. No er ho fagdidaktikar, og førsteamanuensis ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium. Foto: Hilde Kristin Strand

Gir talemålslaboratorium attende til heimstaden

Førsteamanuensis Ragnhild Lie Anderson har forska på talemål frå heimstaden Sogndal i tretti år. No har ho gjort materialet tilgjengeleg for andre.

Publisert

Dialektbasen for Sogndal er eit resultat av den forskinga Ragnhild Lie Anderson, som er førsteamanuensis i norsk fagdidaktikk ved Universitetet i Bergen, har gjort på sogndalsdialekten heilt sidan ho gjekk på vidaregåande skule på 1980-talet. No er talemålsprøvar tilgjengelege for alle, og ein kan sjølv prøva seg som språkforskar. Meir om det seinare.

Sosiolingvistikk

Sosiolingvistikk er studiet av forholdet mellom språk og dei sosiale rammene ein brukar språket innanfor.

Begynte på vidaregåande

— Eg skulle skriva særemne på gymnaset, og fekk sjanse til å skriva om mitt eige talemål. Eg oppdaga at mange jamaldringar ikkje snakka heilt slik som meg, for eg hadde nokre andre trekk i mitt talemål enn dei som hadde heile slekta si frå Sogndal, fortel Anderson.

Ferda gjekk vidare til lærarutdanning, og deretter til Universitetet i Bergen. Hovudoppgåva vart levert i 1997.

— Då samanlikna eg to ulike område i kommunen, og intervjua unge og eldre for å finna skilnader. Då eg tok doktorgrad, intervjua eg ungdomsskuleelevar, fortel førsteamanuensen.

Med fast jobb ved eit universitet følgjer forskingstermin. I 2017 nytta Anderson denne til å intervjua nokre av dei same informantane ein gong til – først dei som var ungdomsskuleelevar i 2001, og deretter dei som var med i 1996. Når ein gjer dette, får ein eit panel, det vil seia at ein er med på talemålsundersøkingar to gongar i løpet av livet.

I 2016 intervjua ho eit nytt kull ungdomsskuleelevar.

Variablar og grafar

No ligg det meir enn hundre talemålsprøvar tilgjengeleg på ei eiga nettside.

Det var viktig for meg sjølv å ha noko tilgjengeleg då eg skreiv den første oppgåva då eg gjekk på vidaregåande.

Ragnhild Lie Anderson

— Eg ønskjer å gi litt tilbake til lokalmiljøet. Det var viktig for meg sjølv å ha noko tilgjengeleg då eg skreiv den første oppgåva då eg gjekk på vidaregåande, seier Anderson.

Databasen er bygd opp på pedagogisk vis, med seks språklege variablar dei som nyttar databasen kan leita etter. I tillegg kan ein kopla dei mot bakgrunnsvariablar som kjønn, alder og foreldre sin språkbakgrunn. Desse er ein del av databasen. Ein kan òg få ut enkle grafar, alt etter kva koplingar ein vel.

Anderson seier at sjølv om denne databasen er laga på eit materiale for ein spesifikk stad i landet, meiner ho at denne måten å jobba på kan sjåast på som eit laboratorium.

— Her får elevane høve til å laga eigne hypotesar og prøvd ut å jobba sosiolingvistisk i eit stort autentisk materiale. Ut frå ein slik tankegang, treng ikkje staden vera avgrensande for kva elevar som brukar basen.

Endrar infinitiv

I sosiolingvistikk er ein oppteken av korleis språket varierer sosialt. Unge og eldre har gjerne ulike språklege trekk, og ein kan ha ulike språklege trekk utifrå kvar i ein by ein bur.

— Korleis endrar dialekten seg i Sogndal?

— Sogndal har vakse mykje, seier Anderson, og viser til ein liten lapp ho har hengt opp på kontoret: «Fjedle kadla og eg lyte gao!». Det er eit slagord studentane brukar. Dei kjem frå heile landet, og i tillegg er det mange andre som flyttar til bygda. Det betyr at dei som veks opp i dag møter eit meir mangfaldig talemål enn før.

—Tradisjonelt har ein hatt a-infinitiv i verb, men no er det fleire av dei unge som har e-infinitiv, seier Anderson.

Eit anna trekk er det som heiter sekundærdiftongering. Då vert vokalen diftongert, det vil seia at to vokallydar smeltar saman — og eit ord som «stol» kan nærma seg «stoul» i uttale. «Bil» vert på same måte «beil». Dette trekket er det ikkje så mange av dei unge som har.

— Kva med i-endingane ein tenkjer på i sognedialekt, som «natti»?

— Det er eit trekk som kunne vera moro å sjå på, seier språkforskaren.

Ho har timevis med opptak liggjande til eige bruk. Smakebitane som ligg i databasen, har ho korta ned til mellom to og fire minutt.

Innhald òg

Informantane er intervjua to og to, og dei kjende kvarandre frå før. Anderson fortel at ho som intervjuar prøver å finna tema der ein kan få fram ulike språklege trekk, til dømes at ein snakkar i både fortid og notid. Informantane fortel mellom anna om korleis det var då dei byrja på skulen.

— Så det er ein del kulturhistorie òg i dette prosjektet, seier Anderson, og legg til:

— Ein av dei eg intervjua sa at «du er ikkje interessert i kva me seier, du er berre interessert i korleis me seier det». Men det stemmer ikkje, altså.

Powered by Labrador CMS