Sausan Hussein er ein engasjert student. Men no vil ho konsentrera seg om å verta ferdig med jusstudia. Foto: Njord V. Svendsen

Sausan tek ikkje attval

Frå hausten skal Sausan Hussein prøva noko heilt nytt: Å vera berre student.

Publisert

— Det har vore eit utruleg lærerikt og spanande år, seier Sausan Hussein.

Ho er studentrepresentant i universitetsstyret. Men når studentane no har gått til (dei digitale) valurnene for å bestemma kven som skal representera dei neste år, kan dei ikkje velja Hussein.

— Eg har vore inne på tanken, og det er ikkje nokon spesiell grunn til at eg ikkje ønskjer å stilla. Det handlar rett og slett om at eg ønskjer å koma meg vidare i studia.

Har hatt mange verv

Hussein studerer juss, og innrømmer at ho ligg noko etter med studieprogresjonen.

— I år har eg teke nokre valfag og teke opp nokre fag. Eg skulle gått fjerde året no, men byrjar i staden på det til hausten.

— Og då skal du vera berre student?

— Eg skal prøva, humrar Hussein.

— Det har vore mange år med mange verv no, så det skjer nok ikkje at eg klarar å halda meg heilt unna alt…

Hussein sit i universitetsstyret saman med Erlend Grønvold. Han tek attval, og seier til På Høyden at når han no verkeleg har kome inn i rolla, har han berre to møte att. Difor ønskjer han å vera med eit år til.

Les også: Listene til studentparlamentsvalet

Hussein er samd.

— Det er først no eg kjenner at eg byrjar å verta varm i trøya, så slik sett er det ein fordel å sitja meir enn eit år, seier ho.

Håpar fleire røystar

I år stiller det åtte representantar til universitetsstyret, og studentane kan velja mellom åtte ulike lister når dei skal røysta over medlemmer til studentparlamentet.

— Det er heilt fantastisk at det er så mange som stiller. Eg håpar dette gjer noko med oppslutnaden om valet òg, seier Hussein.

— Med to møte att: Kva er du mest nøgd med å ha fått til?

— Eg synest me studentar har vorte lytta til, og særleg er eg nøgd med at me har fått gjennomslag i strategien.

Powered by Labrador CMS