— Kjøp klimakvotar, seier hovudtillitsvalt i Forskerforbundet, Steinar Vagstad. Han synest ikkje drastiske kutt i flyreiser for tilsette ved universitetet er nokon god ide. Foto: Ingvild Festervoll Melien

Leiar i Forskerforbundet:
— Klimaet blir ikkje betre av at vi piskar oss sjølve til å legge ned

Universitetet bør droppe flyskam og kjøpe klimakvotar for reiseaktiviteten, meiner Steinar Vagstad. – Då kan vi bli klimanøytrale i morgon, ikkje om ti år.

Publisert Sist oppdatert

— Om prisen er fornuftig, er det ikkje eit dårlegare bidrag å kjøpe kvotar for å redusere klimagassutsleppa enn at universitetet skal gjere det. I prinsippet er dette ikkje noko forskjellig frå å betale skatt. Det er normalt å betale andre for noko du ikkje kan eller vil gjere sjølv. Du klipper deg ikkje sjølv, du går til frisøren, seier Steinar Vagstad, som er hovudtillitsvalt for Forskerforbundet ved Universitetet i Bergen (UiB). Vagstad er også professor i samfunnsøkonomi.

Meir enn tusen universitetstilsette i Bergen og Oslo har signert opprop for drastiske kutt i flyreiser. NTL i går inn for slutt på seminar i utlandet, og leiinga ved universiteta har hendene fulle med klimarekneskap og utgreiingar for å kutte flyreisene til sine tilsette.

Vagstad vil ein annan veg.

— Oppskrift på nedbygging

— Det å kutte ut flyreiser er ei oppskrift på nedbygging av universitetet. Og for klimaet, som er det det dreier seg om, vil ei kvoteløysing vere langt betre. Då kan vi bli klimanøytral i morgon, ikkje om ti år, slik UiB har planlagt. Men ein del klimaaktivstar verkar til å meine at det ikkje påfører oss nok liding. Eg trur ikkje klimaet blir noko betre av at vi piskar oss sjølve til å legge ned universitetet, seier Vagstad.

Om vi, som eit universitet i utkanten av Europa og verda skal slutte å flyge, kjem vi til å tape stort, slik er det berre

For det er det han i ytste konsekvens fryktar blir resultatet av drastiske kutt i reiseaktiviteten til akademikarane.

— Om vi, som eit universitet i utkanten av Europa og verda skal slutte å flyge, kjem vi til å tape stort, slik er det berre, seier Vagstad.

Om ein skal følgje linja systerorganisasjonen NTL har lagt opp til, med å gjere kutt i flyreiser til fanesak, er vi på god veg, meiner han.

— Utsleppa frå eit universitet er nødvendigvis knytt til talet på tilsette og aktiviteten deira. For å setje det på spissen: Då burde vi gjerne starte med å legge ned Kina-satsinga, starte kortreist antropologi i staden for å reise til Stillehavet og kutte ut søknader om eksternfinansiering som vil auke aktiviteten og dermed utsleppa. Kanskje burde vi droppe ideen om universitetet som noko fysisk og redusere det til eit møte på internett?

Klimanøytral i morgon

Poenget, understrekar Vagstad, er at for klimaet spelar det ikkje noko rolle om kutt kjem på universitetet, eller om vi heller betaler nokon for å redusere utsleppa ein annan stad i Europa. Noreg og norsk luftfart er alt i dag ein del av EUs kvotesystem, og Vagstad ser ikkje noko i vegen for at universitetet også kan utnytte dette systemet.

— Vi har eit velfungerande system for klimakvotar i EU i dag. Kjøper vi eitt tonn, må ein annan stad i Europa redusere utsleppa, så enkelt er det. I staden for å slutte å flyge sjølv, kan vi betale andre for å kutte. På den måten kan vi oppretthalde universitetet som vi kjenner det. Det er mykje betre for oss, og like godt for klimaet, seier han.

I staden for å slutte å flyge sjølv, kan vi betale andre for å kutte

Ved å kjøpe EU-kvotar kan ein ifølgje Vagstad gjere UiB klimanøytralt frå i morgon, til ein årleg kostnad kring 10 millionar kroner med dagens kvotepris (ca. 250 kroner per tonn CO2). Dette er lommerusk i den milliarddjupe universitetslomma sett opp mot klimagevinsten, meiner Vagstad.

UiB: Vil ha færre flyturar

Styret ved UiB vedtok på siste møte at talet på flyreiser må ned, men korleis dette skal skje i praksis er ikkje bestemt. Både app og avgifter til klimafond er blitt lansert. Komiteen for Klimanøytralt UiB har lagt fram ei liste med råd til styret om korleis ein kan bli såkalla klimanøytral innan 2030. Sidan målet ikkje dreier seg om nullutslepp, men om å bli «nøytral», er kvotekjøp ein mogleg veg for å nå målet. Det har også rektor ved UiB, Dag Rune Olsen, påpeikt tidlegare.

Ei løypemelding med konkrete forslag til tiltak skal vere klar til neste styremøte i slutten av mai, medan ei endeleg avgjersle om korleis UiBs klimapolitikk og reisepraksis skal vere, er venta til hausten.

Kvotekjøp på bordet

Universitetsdirektør Kjell Bernstrøm trekte på siste styremøte fram energibruk i bygg og kutt i areal som det viktigaste for å redusere utsleppa frå UiB. Men også ein reduksjon i flyreiser står på agendaen. Til På Høyden avviser Bernstrøm ikkje at kvotekjøp kan bli eitt av forslaga som kjem på bordet.

— Utover det vil eg ikkje kommentere eller forskottere noko. Vi er i ein prosess og har ikkje konkludert, seier Bernstrøm.

Hovudtillitsvald Vagstad seier han ikkje ser nokon prinsipiell forskjell mellom kjøp av rein energi for å fyre bygningsmasse og det å kjøpe seg fri gjennom klimakvotar.

— Eg stoler på klimaforskarane når det gjeld kva kloden toler av klimagassutslepp, men ikkje når det gjeld korleis vi kan løyse utfordringane, seier han.

Powered by Labrador CMS