Om i morgen er starta av studentar. Noko av det dei håpar å få til, er undervisningsopplegg for skuleelevar, fortel Silje Skjelsvik. Foto: Hilde Kristin Strand

Studentar dannar klimanettverk

Først arrangerte dei konferanse. No er Om i morgen-stiftinga etablert.

Publisert

— Me som er studentar no er morgondagens arbeidstakarar. Me vil setja krav til arbeidsgivarane på ein annan måte, til dømes når det gjeld klima og miljø.

Me ønskjer at Om i morgen skal vera eit framtidssenter der akademia, politikk og næringsliv kan jobba saman.

Silje Skjelsvik

Det seier Silje Skjelsvik. Ho er ein av initiativtakarane bak «Om i morgen». Dette er ei stifting, og på eigne nettsider skriv dei at «vi ønsker å forene akademia, næringslivet og politikken gjennom kunnskapsutveksling med fokus på vår felles klima- og energiframtid».

Før helga hadde stiftinga møte der dei første signeringane med verksemder som støttar dei vart vedtekne, slik at kravet om eigenkapital på minst 100 000 vert nådd.

Konferanse først

I fjor vinter var det Skjelsvik og andre studentar som arrangerte konferansen «Vi må snakke om i morgen» i Grieghallen. Konferansen fekk mykje skryt, og det er den som no er teken eit steg vidare. Det første store prosjektet den ferske stiftinga skal i gang med, er ein ny konferansen i april 2020. Denne gongen skal den store Griegsalen i Grieghallen fyllast.

— Me ønskjer at Om i morgen skal vera eit framtidssenter der akademia, politikk og næringsliv kan jobba saman, og med dei unge og arbeidslivet i fellesskap. I dag vert mange avgjerdsler fatta i kvar sine rom, seier Skjelsvik.

— Ta til dømes val av bybanetrasé. No er dette noko politikarane har vedteke, men forskarane sine prognosar seier at Bryggen kjem til å verta oversvømt allereie om tretti år, om ikkje før.

Skjelsvik seier at stiftinga ønskjer å ha ei koordineringsrolle, og dei ønskjer å tilby verksemder og organisasjonar grøn konsultasjon for å verta ein del av morgondagens samfunn.

UiB er allereie med som partnar, og Skjelsvik seier at det har vore møte med andre utdanningsinstitusjonar i Bergen. Etterkvart er målet å utvida og få med fleire universitet, både nasjonalt og internasjonalt.

Dei første signeringane er i boks. Frå venstre Heidi Gaustad (Norconsult), Elise Sæle Dahle (Haltenbanken), Kari Johannesen (Ard Arealplan) , Silje Skjelsvik og Benedicte Otterdal Nergaard, begge studentar og initiativtakarar. Foto: Max Igland

Håpar å tilsetja

Sjølv er Skjelsvik masterstudent i geofysikk, og skriv masteroppgåve i fysisk oseanografi. Det er fleire studentar frå hennar fag som er aktive i Om i morgen, i tillegg til nokre som studerer samfunnsfag. Skjelsvik seier stiftinga ønskjer å få med fleire, gjerne med ein annan fagbakgrunn, som til dømes juss eller IT.

— Førebels er det mykje frivillig arbeid. Men me håpar å kunne tilsetja ein eller fleire i nokre prosent stilling, og kanskje ein person i fast stilling frå nyttår, seier ho.

— Kva skal ein faktisk gjera i morgon – etter oljen?

— Det handlar jo om å skulle vera eit nullutsleppssamfunn. Då må ein kutta forbrukarsamfunnet og fossil transport, få på plass ein sirkulærøkonomi og satsa mykje meir på fornybar energi. Mange veit ikkje kor lønsamt og effektivt det faktisk er. I tillegg må me legga til rette for meir lokale næringar og ikkje minst få med oss folket på det grøne skiftet – også dei vaksne, seier Skjelsvik.

Powered by Labrador CMS