Morten Stene ønskjer å vera studentane sin leiar det komande studieåret.

Ny kandidat som studentleiar: Morten Stene

Morten Stene ønskjer å vera med på å gjera kvardagen best mogleg for studentane.

Publisert

— Eg var veldig motivert då eg skulle gå inn i arbeidsutvalet i fjor. Men no er eg endå meir motivert og engasjert.

Det seier Morten Stene. 25-åringen frå Ølen, heilt nord i Rogaland, stiller til val som leiar for studentparlamentet ved UiB. Han har eit år som medlem i studentparlamentet bak seg, og eit år som læringsmiljøansvarleg i arbeidsutvalet, som er parlamentet sitt utøvande organ.

Det betyr at å avslutta studia i samanlikande politikk og økonomi kan verta sett på vent eit år til. Stene stiller til val som leiar, men ønskjer som Sandra Amalie Lid Krumsvik, som allereie har meldt seg som leiarkandidat, ikkje å stilla sekundært. Det betyr at det er leiarvervet som gjeld – dei ønskjer ikkje å verta nestleiar dersom dei ikkje vert valt på det konstituerande møtet måndag.

— Dette har eg tenkt på lenge, men eg stiller berre som leiar. Vert eg ikkje leiar, kan eg kanskje verta ferdig med studia, humrar Stene.

Ikkje digital for det digitale sin del

— Det går an å gjera ein skilnad, seier Stene.

Han ønskjer å bidra til ein best mogleg kvardag for studentane, og er særleg opptatt av undervisning.

— Eg trur at situasjonen me no er i, med koronautbrot, kan gjera at det kan vera enklare å få gjennomslag for ting ein ikkje har fått gjennom tidlegare, særleg tenkjer eg på digitale ting, seier Stene.

Han er oppteken av at ein skal bruka digitale verktøy på ein pedagogisk måte.

— Eg ønskjer fokus på at ein ikkje skal bruka digitale verktøy fordi ein kan, men fordi det er ein pedagogisk tanke på. Det digitale skal vera eit supplement til meir tradisjonell undervisning.

Trist å ikkje treffast

Studentparlamentet skal samlast til konstituerande møte måndag. I innkallinga som er sendt ut heiter det at dette plar vera eit langt møte, og at møteleiinga håpar på flest mogleg forslag på førehand til alle dei verva ein treng studentrepresentantar til.

Stene seier han synest det er litt trist at det ferske studentparlamentet ikkje kan treffast fysisk.

— Eg er glad i å prata med folk og høyra kva saker som er viktige for dei. Her har ein frivillige studentar som set av mange timar til å både førebu seg og vera med på møtet, seier Stene.

Dersom har vert valt, og dersom 2020 hadde vore eit vanleg år, skulle han halda tale når dei ferske studentane kjem til Bergen i august. Men korleis det vert i år, er førebels ikkje klart.

— Fadderveka og studiestarten vert annleis. Men eg håpar ein kan ha nokre fysiske møte, om det så betyr at ein må ha studentar på campus i omgangar. Spørsmålet er jo så om ein skal prioritera studentleiaren sin tale, eller om den kan vera digital.

Powered by Labrador CMS