Digitalt styremøte på plattforma Teams. Oppe rektor Dag Rune Olsen og prorektor Margareth Hagen, nede viserektor Oddrun Samdal og professor Petter Bjørstad.

Planlegg digitale disputasar og digitalt studentmottak

Universitetet i Bergen reknar ikkje med at verda er heilt som ein ein gong kjende henne når det vert august, heller.

Publisert

Fredag skulle Universitetet i Bergen (UiB) hatt høgtideleg doktorpromosjon i aulaen. Slik gjekk det som kjent ikkje. I staden er det slik at dei som disputerer for doktorgrad i desse tider, gjer det digitalt. Når det vert feiring av alle ferske doctores, slik det plar vera tre gongar i året, er førebels uklårt.

— Me hadde 14 digitale disputasar før påske, og me bør planlegga for digitale disputsar til hausten òg.

Det sa prorektor Margareth Hagen då universitetetsstyret ved UiB hadde møte torsdag. I ein sms til På Høyden skriv Hagen at sidan opponentar er tilreisande, og ofte internasjonale, er det vanskeleg å no planlegga at dei skal koma til Bergen. Førebels veit ein heller ikkje kor store folkemengder ein vil ha lov til å samla til hausten.

— Men me tenkjer oss fleksibilitet. Let det seg gjennomføra med fysisk disputas, vil me gjera det, understrekar Hagen.

Undervisning i mindre grupper

Som Khrono har skrive, har Universitetet i Oslo sagt at undervisninga til hausten vert digital. Samstundes oppmoda forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim ungdom til å søkja høgare utdanning og førebu seg på å flytta til den studiestaden dei har søkt.

UiB planlegg for både fysisk og digital undervisning til hausten. Det sa viserektor for utdanning, Oddrun Samdal, i styremøtet.

— Me vil ha fysisk undervisning så langt som mogleg. Men me vil ha det i kombinasjon med digital undervisning. Særleg for dei store førelesingane vil det truleg verta løysinga, og så satsar me på å samla studentar i mindre grupper i tillegg, som skal kunne treffast fysisk.

Samdal sa at UiB allereie før koronautbrotet hadde jobba med eit digitalt mottak av studentar, der ein mellom anna skal kunne melda seg opp til eksamen. Slik skal ein del av dei formelle gjeremåla vera unnagjort når studentane kjem til Bergen.

— Me kjem òg til å etablera grupper av studentar, som først vert kjende med kvarandre digitalt. Seinare kan dei treffast fysisk, sa Samdal.

Kan få ekstra månad

Måndag opnar universitet og høgskular for nokre få studentar. I tillegg får nokre UiB-forskarar tilgang til infrastruktur som dei treng for å få fullført søknader om eksterne forskingsmidlar. Det same gjeld stipendiatar og postdoktorar som skal verta ferdige i 2020.

Me sparar pengar på at det ikkje vert gjenomført reiser og seminar, og det er færre innkjøp.

Kjell Bernstrøm, universitetsdirektør

— Eg har møte kvar veke med prodekanane. Slik det ser ut no, er konsekvensane for forskinga overkommelege på kort sikt, men det er meir usikkerheit knytt til korleis det vert på lang sikt, sa Hagen, og peika på mellom anna konferansar, planlagte reiser og kontraktsplikter ein har.

Eirik Hovden, som representerer vitskapeleg tilsette i mellombels stilling, peika på at forseinking i forsking særleg går ut over dei med mellombels stilling. Det har kome signal om at stipendiatar skal få forlenga perioden sin med ein månad.

Hagen sa at dette er det fakulteta som forvaltar, men at dei har fått beskjed om å ha ein låg terskel for å innvilga dette.

— Men nokre stipendiatar vil òg ha behov for meir enn ein ekstra månad, sa Hagen.

50 millionar

Dersom alle stipendiatar får løn ein månad meir enn dei skulle hatt, vil det kosta 50 millionar kroner. Det sa universitetsdirektør Kjell Bernstrøm.

— Me er i dialog med både Forskingsrådet og Kunnskapsdepartementet om kven som skal ta denne kostnaden, sa Bernstrøm.

Han sa noko av det same som Hagen: På kort sikt vil ikkje koronautbrotet gi store konsekvensar, heller ikkje for økonomien.

— Me sparar pengar på at det ikkje vert gjenomført reiser og seminar, og det er færre innkjøp. I tillegg er arbeidsgivaravgifta redusert. På den andre sida har me til dømes klinikken ved Institutt for klinisk odontologi, som taper pasientinntekter, sa Bernstrøm.

Powered by Labrador CMS