Fakultetsdirektør Kim Ove Hommen ved Humanistisk fakultet på UiB åtvarar mot å tru at dei kortsiktige innsparingane vil gi gevinst på lengre sikt.

Sparer seks millionar på korona-tiltak

Det humanistiske fakultet reknar på kort sikt med å spare seks millionar kroner på «korona-effekten».

Publisert

Det går fram av sakspapir til fakultetsstyremøtet tysdag denne veka.

«COVID-19-situasjonen virker besparende på de delene av budsjettet som har med reise, konferanser og møter å gjøre», heiter det. I koronaperioden er sparte driftskostnader på BOA (eksternfinansierte prosjekt) på 50 prosent, medan 25 prosent er spart under på øyremerkte midlar og i driftsbudsjet til institutta. I tillegg kjem 4 prosent mindre utgifter til arbeidsgivaravgift.

I sum kan den reduserte aktiviteten og reduserte arbeidsgivaravgifta utgjer 6,2 millionar kroner på grunnløyvinga, ifølgje fakultetet.

Det kan verke som lystelege tal for eit fakultet som strir med økonomisk utfordringar, og i sakspapira blir det påpeikt at gjelda på kort sikt blir redusert i staden for auka.

Fakultetsdirektør Kim Ove Hommen åtvarar likevel mot å på nokon måte rosemale den økonomiske situasjonen.

— Det er ekstremt usikre tall og usikkert om det i det lange løp blir ei innsparing. Isolert sett ser det slik ut i dag, men vi fryktar at redusert drift på lengre sikt kan føre til lågare resultatinntekter, seier han.

Han peikar på at prognosene ikkje tar høgde for eventuelle inndragingar styresmaktene vil gjere, som følgje av dei sparte utgiftene.

— Andre usikre element er mogleg auka undervisningskostnader til hausten, dersomom vi må dublere undervisning av smittervernhensyn, seier fakultetsdirektøren.

Powered by Labrador CMS