Mest av alt har fråveret av kontor styrka kjærleiken til ein fast arbeidsplass utanfor heimen for dei tre stipendiatane som har fått vende tilbake til tett fellesskap på Det psykologiske fakultet, rett nok på trygg smittevernavstand. Frå venstre Øyvind Wiik Halvorsen, Fride Haram Klykken og Kari Hagatun.

Tilbake på kontoret: — Eg kan vanskeleg sjå for meg eit universitet utan folk

Etter to månader med heimekontor er i alle fall éin konklusjon klar for tre stipendiatar i pedagogikk ved Universitetet i Bergen – heime bra, men kontoret best.

Publisert

Klokka på veggen er fortsatt stilt på vintertid.

— Åtte veker heime, no er det nok, kjenner eg, seier Fride Haram Klykken.

Ho sit i eit pauserom i inngangspartiet i fjerde etasje i Det psykologiske fakultets lokale i sentrum av Bergen saman med to andre stipendiatar i pedagogikk. Etter søknad har dei fått lov til å komme inn på arbeidsplassane sine igjen, etter at Noreg – og universiteta – sette døra på gløtt etter stenginga 13. mars. Dei er vande med å samarbeide tett, med å snakke saman, uformelt og fagleg, her på pauserommet, på kontora sine, i seminarromma.

Noko med det fysiske

— Det er noko med å møtes fysisk, menneske til menneske, seier Øyvind Wiik Halvorsen, og får kraftige, nesten euforiske, nikk frå dei to andre, plassert i stolar på rikeleg mange meters avstand, men likevel så uendeleg mykje nærare enn dei har vore lenge no.

Sjølv har han kjent på slitasjen, der han har sete med strykebrettet som skrivebord, sambuaren ved kjøkenbordet i etasjen under. Kollega Kari Hagatun fortel at ho har eit heilt hus til disposisjon, ein kan ikkje klage, men — ho har tenåringar i huset. Ho seier det med eit uttrykk i ansiktet, som er alt som skal til for å få fram at dette overhovudet ikkje er ideelt for langtekkeleg konsentrasjonsarbeid, eit ansiktsuttrykk som vi anar ikkje hadde vore like skarpt i versjon Zoom, Skype eller Teams.

Dei har, for all del, snakka saman jamnt i koronatida som har gått – på skjerm – og takkar og prisar for det. Men – det er altså ikkje det same.

Mange på medisin – få på kunst

Ei rundspørjing På Høyden har gjennomført på Universitetet i Bergen tyder på at dei tre stipendiatane langt frå er åleine om å ønskje seg tilbake til den eigentlege arbeidsplassen. Det er relativt stor variasjon mellom fakulteta, noko som kanskje reflekterer vurderingane som er gjort så langt og som har sirkla kring omgrep som «nødvendig» og «kritisk». Frå før er det kjent at rundt 400 personar har hatt tilgang til bygg etter stenginga og før delvis opning førre veke.

Per i dag har minst 700 tilsette tilgang til arbeidsplassen, heilt eller delvis, medan søknaden fortløpande blir behandla.

I heimekontortida har Kari Hagatun brukt ein app for mobil som er til god hjelp for å halde henne unna mobil, og i staden fokusere systematisk på arbeidet.

På Det medisinske fakultet var 349 tilsette innvilga tilgang til bygga ved slutten av førre veke, utan at nødvendigvis alle nyttar seg av denne tilgangen. På Det matematisk-naturvitskapelege fakultet har drygt 200 tilsette så langt fått lov til å vende tilbake, mest for tilgang til laboratorium. Det same gjeld rundt 75 masterstudentar. Men mange har berre delvis tilgang og er berre på jobb delar av veka, opplyser fakultetet.

UiBs nest største fakultet, Det humanistiske fakultet, har godkjent 80 ønsker om å få komme på kontoret, om lag 9 av 10 er fagleg tilsette.

På Det samfunnsvitskapelege fakultet nyttar rundt halvparten av dei tilsette seg no av høvet til å komme tilbake, ifølgje leiinga.

Universitetsmuseet rapporterer at 21 tilsette får komme på jobb igjen frå og med denne veka. Søknadene kjem hovudsakleg frå seksjon frå samlingsforvaltning og konservering knytt til eit større flytteprosjekt som no kjem i gang igjen. Også Fornminneseksjonen får delvis gjenoppta utgravingar, i tillegg til at ein del andre funksjonar blir haldne oppe.

På Fakultet for kunst, musikk og design er presset langt frå det same. Berre seks tilsette totalt har søkt og fått tilgang på Kunstakademiet og Griegakademiet.

Juridisk fakultet opplyser at 16 hadde løyve til å jobbe på kontoret sist veke.

Timane og metrane

Før folk kan gå inn på arbeidsplassane sine, må dei ha gått gjennom UiBs digitale smittevernkurs. Der er det grundige instruksjonar om alt frå handvask til rutinar for korleis matpakka skal fortærast.

— Då eg begynte på smittevernkurset, var reglane at avstanden mellom folk skulle vere to meter, og det var det eg svarte i testen ein må ta på kurset. Men då fekk eg feil, det viste seg at reglane hadde blitt endra til ein meter medan eg sat der og heldt på, fortel Kari Hagatun.

Det skulle førebels ikkje vere noko problem å halde både fem og sju meter i lokalet ho sit i no. Når smitteverntiltak kan gjennomførast så prikkfritt som her, ser ho heller ingen grunn til at dei ikkje skulle kunne jobbe her.

— Eg sat med innspurten på ein artikkel då beskjeden om stenginga kom. Skrivinga i den fasen og analytiske nivået eg er ikkje noko eg lett kan hoppe inn og ut av. Det gjekk overraskande bra med heimekontor i starten. Men etter kvart gjekk produktiviteten ned. Eg kjente på at eg mangla struktur som arbeidsplassen gir, seier Hagatun.

Igjen ivrige nikk frå kollegaer.

— For meg gir kontoret ein konsentrasjon, ei ramme og eit fellesskap som ikkje er tilgjengeleg heime og gjennom ein skjerm. Det er eit modus eg kjem inn i på kontoret, der eg for eksempel har bøker tilgjengeleg, seier Øyvind Wiik Halvorsen.

— Ei god investering

Dei tre stipendiatane har sine samarbeidsrutinar, som dei har prøvd å halde på også på heimekontor, med ei systematisk veksling mellom å skrive i lag, kvar for seg og synkroniserte pausar. Særleg dette med pausar blir kludrete i heimen, når alt i ein forstand er på pause.

— Å liksom sitje åtte timar åleine og skrive, og så skru av, den rytmen er ikkje lett å få til å fungere. Eg treng strukturen vi har her, seier Fride Haram Klykken.

God plass på fakultetet, god plass i heisen. Det er stor variasjon mellom fakulteta på kor mange som søker seg tilbake til kontoret, frå 350 på Det medisinske fakultet til 6 på Fakultet for kunst, musikk og design.

Stipendiatar har mykje press på seg, og det faglege og sosiale fellesskapet med andre er for mange avgjerande for å takle det, meiner dei tre i pauserommet.

— For universitetet og samfunnet er det ei god investering å satse på stipendiatane. Ein ferdig doktorgrad kostar staten fleire millionar kroner. Alle avbrot har dermed ein kostnad, slik sett må det vere bra at dei mellombels tilsette har prioritet og får komme tilbake på kontoret. Det er ei investering å satse på stipendiatane, seier Hagatun.

Opning også for studentar

For studentane sin del har delar av universitetet vore ope innan prioriterte fagområde sidan slutten av april, slik at dei som skal fullføre studia denne våren har sjanse til å kome i mål. 7. mai melde regjeringa at universitet, høgskular og fagskular kan opne ytterlegare.

Ved UiB skal studentarbeidsplassar ved Universitetsbiblioteket (UB) sine fakultetsbibliotek vere tilgjengelege seinast 18. mai, ifølgje UiB-leiinga.

Også tilsette har no langt større opning for å jobbe på kontoret enn tidlegare, under strenge smitteverntiltak. Alle kan søke på sitt fakultet eller si avdeling og få behovsprøvd ønsket.

Den sentrale UiB-leiinga, med rektorat, direktørar og stab, har som andre vore mest å sjå på Zoom og Teams frå hus og heimar i det siste:

Der er dagleg to til tre personar som har sentrale roller i oppfølging av beredskapen. Elles arbeider folk heimanfrå når det ikkje er spesielle aktivitetar som unntaksvis krev at ein er på kontoret, ifølgje assisterande universitetsdirektør, Tore Tungodden.

Universitet treng folk

Så langt er mellom 30 og 40 innom kontor og klinikk på Psykologisk fakultet, og fleire som kjenner på at det er nødvendig å få nøkkelkortet i drift, ligg i søknadsbunken. Men kva er strengt tatt nødvendig?

Ikkje lett å svare eintydig på, meiner stipendiatane. Tydelegare er svaret på kva to månaders erfaring med heimekontor har lært dei. Dei har lært a) Zoom og Teams og alt saman skal vi sannelege vere glad for at vi har, og dei har tatt andre digitale verktøy i bruk også, for å halde det fagleg-sosiale limet i hop. b) Det digitale heimekontoret kan aldri heilt erstatte det tradisjonelle fjernkontoret.

Etter to månader med strykebrettet som skrivebord, synest doktorgradsstipendiat Øyvind Wiik Halvorsen at han kanskje kan koste på seg å kalle retur til kontoret for nødvendig. Om tre månader skal avhandlinga i pedagogikk leverast.

— Det skjer så mykje i dei uformelle samtalane, alle måtane vi møtes på, det ligg mykje fagleg læring i dette, seier Haram Klykken.

— For mange, må vi hugse, er jobben også det sosiale nettverket, seier Hagatun, før Wiik Halvorsen konkluderer på venge av det fagleg og sosialt samkøyrte trekløveret.

— Eg kan vanskeleg sjå for meg eit universitet utan folk.

Powered by Labrador CMS