Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Måndag skal universitetetsstyret ved Universitetet i Bergen (UiB) samlast på den digitale plattforma Teams for å ha ekstraordinært styremøte.
Møtet, som startar kl. 10, vert strøyma, og du kan sjå det direkte her:
På dagsorden står tre saker:
S 30/20 Orientering om universitetets beredskapsarbeid i forbindelse med koronaviruspandemi (COVID-19)
S 31/20 Midlertidig forskrift om tillegg til grads- og studieforskriften - Tiltak knyttet til koronaviruset
S 32/20 Muntlig orientering om prosessen med utlysning av stilling som universitetsdirektør
— No er me ei veke inn i koronakrisa. UiB har stengt campus og lagt om undervisninga. Universitetsstyret er det øvste organet vårt, og skal få ei orientering om kva utfordringar me har møtt, og korleis dei er handtert.
Det seier rektor Dag Rune Olsen, som sjølv sit i heimekarantene etter ei utanlandsreise.
Dag Rune Olsen
Styret vert orientert om dei tiltaka UiB har sett i gang, mellom anna arbeidet med å henta heim tilsette og studentar frå utlandet. Det vert òg skildra korleis det er lagt til rette for at tilsette skal arbeida heimefrå, og at det er kjøpt inn nye, berbare datamaskiner.
Rektor har, på fullmakt, fastsett ei ny forskrift om opptak og vurdering. Der heiter det mellom anna at studentar som manglar forkunnskapskrav hausten 2020 likevel kan få halda fram med studiet sitt, og at studentar som av grunnar knytt til koronautbrotet ikkje kan få gjennomført praksis, likevel skal kunne få vurdering i emnet. Denne forskrifta skal styret handsama.
— Me vil òg orientera om korleis redusert tilgang til campus påverkar forskinga vår. Men det er ikkje eit akuttproblem, seier Olsen.
Viserektor for utdanning, Oddrun Samdal, har sagt at UiB no legg til rette for at alle eksamen dette semesteret skal gjennomførast digitalt, og som heimeeksamen. Campus er i utgangspunktet stengt fram til 26.mars, men helseminister Bent Høie har sagt at perioden kan verta utvida.
— Me legg planar heilt fram til sommaren, og må òg snakka om korleis studiestart i august kan verta, seier Olsen.
— No skal universitetsstyret få testa det alle andre driv med; digitale møte. Det kan kanskje verta spanande?
— Lat oss håpa at det ikkje vert det, humrar Olsen.