Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Måndag gjekk startskotet, med direktesending frå «studio» i Bergen Global sine lokaler, med 133 digitale deltakarar frå heile kloden, opningsforedrag, debatt og talar frå både rektor og ordfPørar — på skjerm.
— Då vi innsåg at det ville vere umogleg å arrangere på vanleg måte, skulle vi akkurat til å sende ut svarbrev til deltakarar som hadde søkt. Vi var spente på om dei fortsatt ville vere med etter at vi bestemte oss for å gjennomføre digitalt. For mange er jo trass alt det å reise til Bergen på sommaren ein del av attraksjonen, seier Håvard Haarstad, årets faglege leiar for Bergen Summer Research School, til På Høyden.
Bekymringa for laber respons viste seg å vere ugrunna.
Meir enn 130 deltakarar har fått plass – det er rekord.
— Vanlegvis har vi mellom 90 og 100, seier Haarstad.
Deltakarane på årets sommarskule skal gjennom fem ph.d-kurs fordjupe seg i store globale tema. Blant desse er klimautfordringane, berekraftige byar, media og demokrati og migrasjonshelse.
— Vi har måtta legge om heile opplegget, med alt det medfører av tekniske utfordringar og nye måtar å tenke pedagogikk på, seier Haarstad, og medgir at dette ikkje har vore berre enkelt.
På den andre sida gir årets sommarskule ei uventa anledning til å lære det som uansett er viktig å lære: å gjennomføre undervisning, kurs og samling digitalt.
— Det blir ein test, så langt har det fungert godt. Tida vi er inne i tvingar oss til å tenke alternativt, seier Haarstad, som til dagleg er professor og dagleg leiar på CET, Senter for klima- og energiomstilling.
CET står mellom anna bak UiBs reisepolicy, som skal få ned talet på reiser for å nå klimamåla til institusjonen.
— Mange har oppdaga at ein del av den reisinga vi driv med ikkje er heilt essensiell, seier Haarstad.
Ein bonus er det også at deltakarar som ikkje har økonomiske ressursar kan ha sjanse til å delta på sommarskulen i Bergen.
— Vi gir nokre reisestipend, men til langt frå alle. Med digital løysing vil mange fleire kunne delta, også av dei som elles ikkje ville hatt råd til det, seier Haarstad.
Han ser for seg at sommarskulen vil halde fram med det digitale opplegget, i kombinasjon med det tradisjonelle der deltakarar kjem til Bergen.