Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
— Det er utruleg mange kompetente menneske tilsett ved UiB, smiler rektor Dag Rune Olsen.
Tysdag vart det sendt ut epost til alle tilsette med spørsmål om å svara på ei spørjeundersøking. Tema er korleis UiB kan verta klimanøytralt innan 2030.
— Me ønskjer å engasjera dei tilsette, og me ønskjer at dei tiltaka som vert vedtekne er forankra i organisasjonen, seier Olsen, og legg til:
— Me er på jakt etter alle gode forslag.
I innleiinga til undersøkinga heiter det at UiB-leiinga ønskjer svar på kor villig ein som tilsett er til å endra vaner av omsyn til klimaet, og kva tiltak ein allereie har gjort. I tillegg ønskjer ein altså innspel.
— Me er opptekne av og avhengig av oppslutnad frå dei tilsette, seier rektor.
Fredag 1. november vert det arrangert ein klimadebatt for både studentar og tilsette. Her er tiltak for å verta klimanøytrale eit av temaa. I tillegg skal ein mellom anna diskutera korleis forskarane kan verta meir framifrå, og utdanninga meir internasjonal, når ein samstundes skal fly mindre.
Universitetsstyret handsama i vår ei sak om korleis UiB kan verta klimanøytrale. Allereie den gongen var det sagt at ein skulle ha ein klimadebatt. Det vart òg sagt at ved å bruka 12 millionar kroner i året, kan ein kjøpa klimakvotar som gjer at ein vert nøytrale. Men det er ikkje det ein ønskjer å gjera, sa universitetsdirektør Kjell Bernstrøm i styret sitt mai-møte.
Bernstrøm har tidlegare sagt at det er tiltak knytt til reiser og innkjøp som kan gi størst reduksjon i utslepp. No er nokre tiltak sett i verk. UiB Aktuelt skriv at universitetsleiinga har vedteke ei prøveordning med at forbruksvarer innan kontormateriell skal vera miljøverka. Det betyr at ein mellom anna vil få kulepennar som er laga av resirkulerte plastflasker.
— Me har sett i produktkatalogen at dei aller fleste produkta me brukar kan verta erstatta av miljøvennlege produkt, seier rådgivar på Seksjon for innkjøp, Ove Botnevik.
På Høyden har tidlegare skrive om mellom anna forskarar som ikkje flyr og om studentar som har laga sin eigen organisasjon som skal jobba for ei grønare framtid.
Nettopp studentane meiner rektor Olsen at det er viktig å få med på laget.
— Dei er ei drivkraft, dei stiller krav og er dessutan dei som skal driva samfunnet framover, seier Olsen.
Dag Rune Olsen
Han er oppteken av at studentane ikkje skal vera eit vedheng, men vera aktivt med, og viser til UiB si deltaking i Arqus-nettverket.
— Vårt bidrag handlar om engasjerte borgarar, og dei skal me utdanna, seier Olsen.
— Det er ikkje sikkert det er slik at det alltid er best at det er eldre, gråhåra menn som skal bestemma.
— Korleis går det med dine eigne CO2-kutt?
— Ambisjonen om kutt skal gå greitt, sjølv om eg vart litt uroa då eg vart leiar for universitets- og høgskolerådet, og slik får ein del reiser knytt til det, seier Olsen.