Under det digitale fakultetstyremøte fekk Ørjan Totland tillit til å fortsette som instituttleiar for biovitenskap .

Klar for fire nye år som leiar

Ørjan Totland fortsette som instituttleiar for eit av dei største institutta på Universitetet i Bergen.

Publisert

— Det var ein plan heile vegen for meg å bli her i åtte år, så til slutt var det bare meg igjen som søkar, som nok er naturleg når den sittande leiaren søkjar. Likevel er det jo hyggeleg å få tilbodet, seier Ørjan Totland, instituttleiar for biovitenskap ved Universitetet i Bergen.

På forrige styremøte ved Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet vart det bestemt at han skulle få tilbodet. Tysdag takka han ja til å fortsette i fire år til.

Mykje aktivitet i krisa

Mens dei fleste tilsette ved UiB har heimekontor er det litt annleis for mange av dei på bio. Dei har laboratorium med levande dyr og organismar som treng oppfølging.

— Heilt sidan nedstigninga har vi hatt folk på jobb for å ta vare på dyra og organismane som vi har. Sebrafisk, laks, berggylt, bakteriar og anna treng stell slik at dei blir heldt i live, fortel Totland, og legg til:

— Dei som har stilt opp har gjort ein fantastisk jobb i denne perioden. Dei følgjer dei smitteregla som vi har.

Som resten av landet er det ingen som veit kor lenge universitetet er stengt. Men instituttet har begynt å sjå kva dei først må prioritere om det blir ei endring etter påske.

— For vår del er det spesielt arbeidet med å følge opp våre ph.d-kandidater som gjeld. Dei er i ferd med å gjere seg ferdig, men no har dei utfordringa med laboratorium som dei ikkje kan bruka. Vi er spent på når dei kan få lov å komma tilbake, seier instituttleiaren.

Spennande jobb

Om ein ser vekk ifrå korona så er det fleire grunner til at Totland vil fortsette som instituttleiar.

— Først og fremst er det jo eit fantastisk spennande institutt med mykje viktige fagområder for samfunnsutviklinga. Eg meiner biologi er eit viktig og relevant fag for forvaltning av naturressursar og forståinga av oss sjølv som menneske, seier han.

Instituttet har rundt 300 tilsette, som gjør det til ein aktiv del av MatNat.

— Eg hadde jo ikkje vore interessert i å fortsette om alle som jobba her var plagsame heller, humrar han, og fortsette:

— Alle som jobbar her, både fagleg og i administrasjonen er flotte folk. Det er inspirerande å få lov å jobba med dei, slår han fast.

Powered by Labrador CMS